1Og Herren tala til Moses og sa:
2Seg til Aron og sønene hans at dei lyt sjå seg vel fyre med dei heilage gåvone som Israels-borni helgar åt meg, so dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn; eg er Herren.
3So skal du segja til dei: Dersom nokon av ætti dykkar, no eller i framtidi, røyver dei heilage gåvone som Israels-borni helgar åt Herren, medan det er noko ureint på han, so skal han rydjast burt or augnesyni mi; eg er Herren.
4Ingen av etterkomarane hans Aron som er spillsjuk eller hev flod, må eta av dei heilage gåvone fyrr han er rein att. Kjem ein av dei nær nokon som hev vorte urein av eit lik, eller gjeng det såd frå han,
5eller kjem han innåt noko krek som folk vert ureine av, eller noko menneske som på ein eller annan måte hev vorte ureint,
6hev nokon av dei røyvt noko sovore, so skal han vera urein alt til kvelds og må ikkje eta av dei heilage gåvone fyrr han hev lauga lekamen sin i vatn.
7Når soli hev gladt, er han rein att, og sidan kann han eta av dei heilage gåvone; for det er maten hans.
8Det som er sjølvdaudt eller ihelrive, må han ikkje eta, for då vert han urein; eg er Herren.
11Men når ein prest kjøper seg ein tenar for pengar, so kann han eta av det, og like eins den tenaren som er fødd i huset hjå presten; dei kann eta av maten hans.
12Når ei prestedotter vert gift med ein framand mann, so må ho ikkje eta av dei heilage offergåvone.
13Men hev ho vorte enkja eller er skild frå mannen og ikkje hev born, og ho so kjem attende til far sin og bur i huset heime hjå han liksom i ungdomen, so kann ho eta av maten åt far sin; men ingen framand må eta av den maten.
14Når nokon et uviljande av dei heilage gåvone, so skal han gjeva presten lika for det og leggja attåt femteparten av verdet.
25og ikkje skal de taka imot sovorne dyr av utlendingar og bera dei fram til matoffer åt dykkar Gud; for dei er utskjemde, det er lytedyr; med slike offer vinn de ikkje Guds hugnad.
26Og Herren tala til Moses og sa:
27Når ein kalv eller eit lamb eller eit kje kjem til, skal dei fylgja mor si sju dagar; men frå den åttande dagen og sidan vil Herren tekkjast med dei i fall de ber dei fram til eldoffer åt han.2 Mos 22,30
28Kui og kalven hennar eller søya og lambet hennar skal de ikkje slakta på ein dag.
29Når de ber fram eit lov- og takkoffer, skal de gjera det so at Herren kann hava hugnad i dykk.
30De skal eta det upp same dagen og ikkje leiva noko av det til morgons; eg er Herren.3 Mos 7,15; 19,6
31So haldt då bodi mine og lev etter dei! Eg er Herren.
32Vanhelga ikkje mitt heilage namn; for eg vil verta helga hjå Israels-borni. Eg er Herren, som helgar dykk,
33og som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud; eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.