Jesaja 26 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Då skal Guds folk prisa det sterke riket som Herren hev skipa åt det, det som hans frelsa er vern for, og som hev dei rettferdige og trufaste til borgarar, 1.2. Guds folk sannar då at berre fast tiltru til Herren gjev varande fred, og at det difor alltid bør setja si lit til han, som er fullkomeleg pålitande, han som hev slege ned den stolte makti åt dei ovmodige, lagt dei under føtene åt dei audmjuke og rudt veg for dei rettferdige, 3-7. Den gongen og venta folket med lengsel på hans domar, av di det berre var dei som kunde læra dei ugudlege rettferd, 8-10. Det såg at Herren gjorde fiandane sine til inkjes, og ventar difor at han no og vil gjeva det fred, 11.12. Fiendane som hev rådt yver det, er burte og skal aldri meir koma attende til dette livet, men sjølv skal folket verta ovleg mangment, 13-15. I den tidi det vart tukta, søkte det Herren og bad um frelsa og nytt liv, men lenge fåfengt; no hev det den visse voni at Herren jamvel skal vekkja upp dei avlidne til nytt liv, 16-19. Profeten manar Guds folk til å halda seg stilt og venta på Herren, til vreiden hans gjeng yver, og han reiser seg og vil straffa alle fiendane, 20.21, serleg dei heimsriki som hev trælka det (kap 27,1).
1I den tidi skal dei syngja denne songen i Judalandet: Ein sterk by hev me, frelsa set han til mur og vern.
15Du aukar folket, Herre! Du aukar folket og syner deg herleg; du flyt alle grensone åt landet langt ut.
16Herre, i naudi søkte dei deg; og sende upp stille bøner då refsingi frå deg kom yver dei.