Job 23 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Etter di venene åt Job framleides stend på at klagingi hans berre vitnar um trass, endå han freistar å døyva henne, ynskjer han at han kunde ganga fram for Guds domstol med si sak; han er viss på at Gud då ikkje vilde bruka si makt mot han, men akta på ordi hans og gjeva han rett, 1-7. Men Gud lagar det so at han ikkje finn han nokon stad; for endå Gud veit at Job hev ferdast ulastande etter hans lov, set han like vel i verk det han ein gong hev fastsett for han. Denne Guds framferd, som ofte tek seg uppatt i verdi, fyller hjarta hans med fæla, 8-17.

1Då tok Job til ords og sa:

2Den dag i dag gjeld klaga mi for trass, endå eg legg mi hand tungt på min sukk.

3Berre eg kunde finna han og koma meg fram for hans kongsstol!

13Men kven kann hindra han, den einaste? Det som hans sjel hev hug til, gjer han og.

16Ja, Gud hev brote ned mitt mod, og den Allmektige hev skræmt meg;

17for eg vart ikkje riven burt fyrr myrkret kom, og ikkje løynde han ulukke-natti for meg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help