1Ved det leitet vart Esekias so sjuk at det stod um livet. Og Esaias Amosson, profeten, kom til han og sa til han: So segjer Herren; Skipa alle ting til rettes i huset ditt! For du lyt døy; du fær ikkje leva lenger.2 Krøn 32,24; Jes 38,1-8
2Då snudde Esekias andletet mot veggen og bad soleis til Herren:Sal 30,3
3Å Herre, kom då i hug at eg hev ferdast for di åsyn i truskap og med heilt hjarta og gjort det som godt er i dine augo! Og han storgret.
4So hende det, fyrr Esaias var komen ut or den indre byen, at det kom eit ord til han frå Herren; det lydde so:
5Gakk attende og seg til Esekias, fyrsten yver folket mitt: So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårone dine, og no vil eg gjera deg god att - tridje dagen frå no kann du ganga upp til Herrens hus.2 Kong 19,20
6Og eg vil leggja femtan år attåt alderen din og berga deg og denne byen frå assyrarkongen og veldet hans; eg vil verna denne byen for mi eigi skuld og for Davids skuld, han som var tenaren min.Sal 61,7; 2 Kong 19,34
7So sa Esaias: Kom med ei fikekaka! So gjorde dei det og la fikekaka på verken. Då friskna Esekias til att,Jes 38,21
8og han sa til Esaias: Kva skal eg hava til merke på at Herren vil gjera meg god att, so eg kann ganga upp til Herrens hus tridje dagen?Hos 6,2
9Esaias svara: No skal du høyra kva merke Herren gjev deg på at han vil halda det han hev lova: Skal skuggen ganga ti strek fram eller ti strek attende?
10Esekias sa: Det er uvandt for skuggen å tøygja seg ti strek fram; nei, han lyt ganga ti strek attende.
11Då ropa profeten Esaias til Herren, og HAN let skuggen ganga dei same streki attetter som han nyst hadde gjenge ned på solskiva åt Akas - ti strek.
12Ved det leitet sende Berodak Baladan, son åt Baladan og konge i Babel, nokre menner med brev og gåvor til Esekias; for han hadde høyrt at han hadde vore sjuk.Jes 39,1
13Då Esekias hadde høyrt på dei, synte han dei heile skatthuset sitt, sylvet og gullet og dei angande kryddone og den kostesame oljen og heile våpnhuset sitt og alt det som var i skattkammeri hans; det fanst ikkje ein ting i hans hus og i heile hans rike anna han let dei få sjå det.
14Då kom profeten Esaias til kong Esekias og spurde han: Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå til deg? Esekias svara: Dei kom frå eit land langt burte - frå Babel.
15Hin spurde: Kva fekk dei sjå i huset ditt? Esekias svara: Alt som er i huset mitt, fekk dei sjå; det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte dei.
16Då sa Esaias til Esekias: Høyr no Herrens ord!
17Det kjem ei tid då alt det som finst i huset ditt, og alle skattane som federne dine hev samla alt til denne dag, skal førast burt til Babel; det vert ingen ting att, segjer Herren.2 Kong 24,13-16
18Og sume av sønene dine som skal ættast frå deg, som du vert far til, skal dei taka og gjera til hirdmenner i slottet åt kongen i Babel.Dan 1,3-7
19Esekias svara: Det ordet du segjer meg frå Herren, er godt. Og han la til: Er det ikkje godt, når det fær vera fredleg og trygt so lenge eg lever?
20Det som meir er å segja um Esekias og alle storverki hans, og korleis han laga dammen og vassleidingi og leidde vatnet inn i byen, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.2 Krøn 32,30; Jes 22,9
21So for Esekias til federne sine, og Manasse, son hans, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.