Ordtaka 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Den som i tankeløysa hev borga for nokon, bør sjå til å verta fri for sin skyldnad snarast råd er, 1-5. Åtvaring mot latskap, som fører til armod, 6-11. Fals fær brå undergang til straff, 12-15. Sju stygge synder vert upprekna; dei skal me fly, 16-19. Ein son skal akta på fyretolone og bodi åt foreldri, 20-23; då vert han vara for hor, som fører i ulukka, 24-35.

1Son min! Hev du borga for næsten din, hev du handtekest med ein framand,Ordt 11,15

2er du bunden ved ord av din munn, er du fanga i ord av din munn,

3gjer då soleis, son min, og berga deg, sidan du er komen i handi på næsten din: Gakk og kasta deg ned for mannen din og gjer ågang på han,

4unn ikkje augo dine svevn eller augneloki ein blund,Sal 132,4

5berga deg som eit rådyr or veidemanns-handi og som ein fugl or fangarvald!

6Gakk til mauren, du leting, sjå hans ferd og vert vis!Ordt 30,25

7Han hev ingen hovding eller fut eller herre,

8men endå syter han um sumaren for mat og sankar um hausten si føda.Ordt 10,5

9Kor lenge vil du liggja, du leting? Når vil du risa or svevnen?

10[Du segjer:] Lat meg sova litt til, blunda litt til, leggja hendene i hop ei stund til og kvila!Ordt 24,33; 20,13

11Då kjem armodi på deg som ein farande fant og naudi som skjoldvæpna mann.

12Ein skarv, ein illgjerningsmann er den som gjeng ikring med fals i munnen,

13som blinkar med augo, skrapar med føtene, gjer teikn med fingrane,Ordt 10,10; Sal 35,19

14som gjeng med meinspel i hjarta, som alltid emnar på vondt og valdar trettor.

15Difor kjem ulukka dåtteleg på han; brått vert han krasa, og det bid ikkje lækjevon.

16Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjel:

17Storlåtne augo, ljugartunga, hender som renner ut skuldlaust blod,

18eit hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt,

19den som fer med lygn og vitnar rangt, og den som valdar trettor millom brør.

20Son min, tak vare på bodet åt far din, og kasta ikkje frå deg læra åt mor di!Ordt 1,8

21Bitt dei alltid til hjarta ditt, knyt dei um halsen din!5 Mos 6,8

22Når du gjeng, skal dei leida deg; når du ligg, skal dei verna deg; når du vaknar, skal dei tala til deg.

23For bodet er ei lykt og læra eit ljos, og påminningar til tukt er ein veg til livet;Sal 119,105

24dei kann vara deg frå vonde kvinnor, frå den sleipe tunga åt framand kvinna.Ordt 2,16; 7,5

25Ikkje trå i hjarta etter venleiken hennar, og lat henne ikkje fanga deg med augnekasti sine!

26For skjøkja armar ut ein mann til siste brødleiv, og annanmanns kona fangar ei dyr sjel.

27Kann nokon henta eld i fanget og ikkje brenna klædi sine?

28Eller kann nokon ganga på glør og ikkje svida føtene?

29So vert det med den som gjeng inn til kona åt næsten; ingen kjem urefst frå det, um han rører henne.

30Vert ikkje tjuven vanvyrd, når han stel og vil sløkkja svolten?

31Og vert han teken, lyt han bøta sjufaldt; alt det han eig i sitt hus, lyt han gjeva.2 Mos 22,1-15

32Den som driv hor med ei kvinna, er vitlaus; den som vil tyna si sjel, han gjer slikt.

33Hogg og skjemsla fær han, og skammi hans stryk ingen ut.

34For mannen harmast i åbryskap, og den dag han tek hemn, sparer han ikkje;Ordt 5,9

35han tek ikkje imot bøter og let seg ikkje blidka, um du gjev han store gåvor.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help