Ester 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Kongen gjev Haman stor makt og høg rang og byd at alle skal kasta seg ned for han; Mordekai vil ikkje gjera det; Haman vert harm på han og heile folket hans, 1-6. Haman fær kongen til å gjeva det påbodet at alle jødar i heile riket skal drepast trettende dagen i tolvte månaden, 7-15.

1Då det leid um ei tid, let kong Ahasverus Haman Hammedatason av Agag-ætti få stor makt og gav han rang og sæte yver alle dei hovdingane som var hjå han.

2Og alle tenestmennene åt kongen som heldt seg i kongsporten, fall på kne og la seg å gruve for Haman; for so hadde kongen sagt at dei skulde gjera; men Mordekai fall ikkje på kne og la seg ikkje å gruve for han.

3Tenestmennene åt kongen - dei som heldt seg i kongsporten - spurde då Mordekai: Kvifor gjer du imot det som kongen hev bode?

4Dag etter dag tala dei soleis til han, men han høyrde ikkje på dei. Då sa dei det med Haman - dei vilde sjå um den grunnen Mordekai gav, vart teken for god; for han hadde sagt dei at han var jøde.

5Då Haman såg at Mordekai ikkje fall på kne eller la seg gruve for han, vart han harmfull.

6Men han tykte det var for lite å leggja hand berre på Mordekai. Han hadde fenge vita kva folk Mordekai høyrde til, og so vilde han sjå til å få rudt ut alle jødar som fanst i heile riket åt Ahasverus, av di dei var landsmennene hans Mordekai.

7I den fyrste månaden - det er nisan månad - i tolvte året av kongedømet åt Ahasverus vart det kasta pur - det er lut - for augo åt Haman um kvar einskild dag og kvar einskild månad alt til tolvte månaden - det er adar månad -.

8Og Haman sa til kong Ahasverus: Her er eit folk som bur spreidt og for seg sjølv millom dei hine folki i alle dei landi som ligg under ditt velde; lovene deira er ulike lovene åt alle andre folk, og dei held seg ikkje etter dei lovene kongen hev gjeve. Det høver ikkje for kongen å lata dei stella seg som dei vil.

9Um kongen so synest, so lat det verta kunngjort i brev at dei skal øydast! Ti tusund talent sylv skal eg då kunna vega upp åt embetsmennene, so dei kann leggja det i skattkammeret åt kongen.

10Då drog kongen seglringen av handi si og gav han til agatiten Haman Hammedatason, fienden åt jødane,

11og sa til han: Sylvet skal vera ditt, og med folket må du fara som du tykkjer best.

12Trettande dagen i fyrste månaden vart skrivarane åt kongen kalla saman, og det vart sett upp eit skriv heiltupp soleis som Haman sa fyre, både til jarlane åt kongen og til landshovdingane i kvart land og til hovdingane for kvart folk - til kvart land i den skrifti dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Skrivi vart utferda i namnet åt kong Ahasverus og forsigla med den kongelege seglringen.

13So vart det med snøggbod sendt brev til alle land som høyrde under kongen, at alle jødar skulde øydast, drepast og tynast, både unge og gamle, småborn og kvinnor, alle på ein dag, trettande dagen i tolvte månaden - det er adar månad - og alt dei åtte, skulde haldast for herfang og ranast.

14Ei avskrift av brevet vart kunngjort for alle folki, so bodet skulde verta kjent i kvart land, og dei kunde vera budde til den dagen.

15Med det same dette bodet var utferda i Susanborgi, tok snøggbodberarane av stad, som kongen hadde sagt fyre. So sette kongen og Haman seg til å drikka; men Susanbyen var forfærd.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help