2. Korintar 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus held fram med å rosa seg sjølv, av di han er nøydd til det. Han kunde rosa seg av høge openberringar og, men det vil han ikkje; han vil berre rosa seg av si vanmakt, 1-10. Han sluttar med si sjølvros, men laster korintarane for at dei ikkje hadde forsvara han mot fiendane hans og soleis spart han for å rosa seg; dei hadde havt god grunn til det, av di han i all si ferd hadde vore ein rett Kristi apostel, 11-18. Dei må ikkje tru at han med dette sjølvforsvaret sitt hev meint at han vil skjota seg inn under deira dom; alt hev han tala for Guds åsyn, men til uppbyggjing for dei; for han ser at det endå er mange lyte og brester ved kristendommen deira, 19-21.
1Eg lyt rosa meg endå det ikkje er gagnleg; men eg kjem no til syner og openberringar av Herren.
2Eg kjenner eit menneske i Kristus - um han var i lekamen, det veit eg ikkje, eller utanfor lekamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - ein som for fjortan år sidan vart rykt inn i den tridje himmelen.