1Då kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
2Menneskeson! Snu andletet mot Jerusalem, og preika mot heilagdomane, og spå mot Israelslandet!
3Og seg til Israelslandet: So segjer Herren: Sjå, eg kjem yver deg og dreg sverdet or slira og ryd ut or deg både rettferdige og gudlause.
4Sidan eg vil rydja ut or det både rettferdige og ugudlege, so skal sverdet mitt fara utor slira mot alt kjøt, frå sud til nord.
5Og alt kjøt skal sanna at eg, Herren, hev drege sverdet or slira; det skal ikkje verta innatt-stunge.
6Men du, menneskeson, skal sukka so det knakar i dine lender; i svær verk skal du sukka for augo deira.
7Og når dei so spør: Kvifor sukkar du? - so skal du svara: For ei tidend, for ho kjem, og då skal kvart eit hjarta bråna og alle hender siga og kvar ei ånd dovna og alle kne verta som vatn; sjå, det kjem, og det skal henda, segjer Herren Israels Gud.
8Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
9Menneskeson! Spå og seg: So segjer Herren: Seg: Eit sverd, eit sverd er kvest, og slipt er det og.
10Til å slakta med er det kvest, til å blikta som eldingen er det slipt. Eller skulde me fegnast, du min sons ætt, som vanvyrder alt tre?
11Det skulde slipast til eit handyvle; det er kvest dette sverdet, og det er slipt til å koma i dråpsmanns hand.
12Ropa og barma deg, menneskeson! For det kjem yver mitt folk, det kjem yver alle Israels fyrstar; dei er etla åt sverdet saman med mitt folk. Difor, slå deg på lendi!
13For ei prøving er komi, og kva skulde ho råma, um ikkje den ætti som vanvyrder tukt? segjer Herren, Israels Gud.
15Eit bliktande sverd set eg mot alle portane deira, so hjarto skal bråna og støytesteinane vert mange; å, det er gjort til å ljona, kvest til å slakta med!
16Tak deg på tak og hogg til høgre! Snu deg og hogg til vinstre! Dit som eggi di er etla!
17Eg og vil slå i hop hendene og svale min harm; eg, Herren, hev tala.
18Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
19Du menneskeson, gjer deg tvo vegar, som sverdet åt Babel-kongen kann fara fram på! Frå eitt land skal dei ganga ut båe, og du skal rita ei hand - rita henne der som vegane tek av til kvar by!
20Ein veg skal du gjera som sverdet kann fara fram på til Rabba i Ammonitarlandet, og ein til Juda, inn i Jerusalem, den faste byen.
24Difor segjer Herren, Israels Gud, so: For di de sjølve minner um dykkar misgjerning, med di dykkar brot vert openberra, so syndene dykkar vert synberre i alle dykkar verk - for di eg soleis vert mint um dykk, skal de verta tekne med handi.
25Og du som er dømd frå livet, du gudløysing, du Israels fyrste, som dagen er komen for når den misgjerning er fullførd som fører til undergang -
28Du menneskeson, spå og seg: So segjer Herren, Israels Gud, um Ammons-borni og hædingsordi deira: Du skal segja: Eit sverd, eit sverd er drege, slipt til å slakta med, til å øyde til å ljona,
29medan dei ser falske syner åt deg og spår deg lygn, so du kann verta lagd attmed halsane åt drepne gudløysingar, som dagen er komen for når den misgjerning er fullførd, som fører til undergang.
30Stikk sverdet i slira att! På den staden der du vart skapt, i det landet du er ætta ifrå, der vil eg døma deg.
31Eg vil renna ut min harm yver deg, min vreide-eld vil eg lata loga mot deg og gjeva deg i hendene på villmenner, som er meistrar i tynarverk.
32Du skal verta til mat åt elden, ditt blod skal verta utrent i landet ditt, ingen skal koma deg i hug meir; for eg, Herren, hev sagt det.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.