1Og Herren tala til Moses og Aron og sa til dei:
2Tala til Israels-borni og seg: Høyr no kva det er for nokre de må eta av alle dei firføtte dyri som lever på jordi:
23Men alt anna krek som hev venger og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk.
24No skal eg segja dykk kva det er for dyr de vert ureine av - den som kjem nær kroppen deira etter dei er daude, skal vera urein alt til kvelds,
31Dei skal de halda for dei ureinaste av alle smådyr; den som kjem nær dei når dei er daude, skal vera urein alt til kvelds.
32Og alt det som slike dyr dett ned på når dei daudar, vert ureint, både trekoppar og klæde og skinn og sekker og kva det elles er som vert nytta i huset; det skal leggjast i vatn og vera ureint alt til kvelds; sidan er det reint.
33Dett eit av dyri ned i ein leirkopp, so vert alt det som er i koppen ureint, og koppen sjølv skal slåast sund.
34All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, og alt drikka som folk drikk, vert ureint, kva kjerald det er i.
35Alt det som slik ein daud kropp dett ned i, vert ureint; anten det er omn eller gryta, so skal dei brjotast sund; dei er ureine og skal vera ureine for dykk.
36Berre kjeldor og brunnar som det renn vatn åt, skal vera like reine; men den som kjem nær den daude kroppen som ligg der, vert urein.
37Dett dyret ned i korn som skal vera til såfrø, so er kornet like reint,
38men hev dei havt vatn på det, og det so dett slikt eit daudt dyr ned i, so skal kornet vera ureint for dykk.
39Daudar noko av dei firføtte dyri som skal vera til føda for dykk, so skal den som kjem nær skrotten deira, vera urein alt til kvelds,
40den som hev ete av kjøtet deira, lyt två klædi sine og vera urein alt til kvelds, og den som hev bore på den daude skrotten, lyt og två klædi sine og vera urein alt til kvelds.3 Mos 17,15
41Alt kreket som krelar på marki, skal vera ein styggedom og må ikkje etast.
42Korkje det som skrid på buken, eller det som gjeng på fire eller fleire føter, må de eta; det skal vera ein styggedom.
43Gjer dykk ikkje sjølve til eit stygge med noko av det krelande kreket, og sulka dykk ikkje med det, so de vert ureine!
44For eg er Herren dykkar Gud, og de skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag; de skal ikkje gjera dykk sjølve ureine med noko av det kreket som krabbar på marki.3 Mos 19,2-10; 20,7-9; 1 Pet 1,16
45For eg er Herren, som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud, og de skal vera heilage; for eg er heilag.3 Mos 19,36; 22,32-33
46Dette er lovi um dei firføtte dyri og fuglane og alt det levande som leikar i vatnet, og alle dei kvikjende som yrer på jordi,
47so de kann skilja det reine frå det ureine, og dei dyri som kann etast, frå det som ikkje må etast.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.