Jesaja 33 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten forkynner at assyrarane, som til dessa hev ført tyning yver alle andre folk, no skal verta tynte sjølve; han bed for Israel og lovar det frelsa og eit liv fullt av åndeleg herlegdom, 1-6. No er Guds folk i stor naud, men snart skal Herren tyna fiendane med ein skræmeleg straffedom, 7-12. Då skal dei ugudlege i Israel koma til å skjelva for den heilage Gud, men dei rettferdige skal bu trygt under hans varetekt, 13-16. Då skal Israels-kongen reisast or sitt låge stand; dei framande trælkarane er burte, og Jerusalem vert aldri meir uroa, for Herren er vern for byen, og syndi åt byen er forlati, 17-24. Alt dette fær si fulle uppfylling i Messiasriket.

1Usæl du tynar som ikkje sjølv hev vorte tynt, og du ransmann som ingen hev rana ifrå! Når du er ferdig med å tyna, skal du sjølv verta tynt; når du hev slutta med å rana, skal andre rana frå deg.

5Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd.

7Høyr, løvekjempone deira skrik der ute, fredsbodi græt sårt.

8Ålmannvegane er aude, ferdafolk er der ikkje meir - han hev brote pakti, vanvyrdt byane; ikkje vyrdt noko menneske.

9Landet visnar og sjuknar burt; Libanon stend skjemd og visnar; Saron er som den aude mark, og Basan og Karmel rister lauvet av seg.

24Og ingen ibuar skal segja: Eg er sjuk. Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help