1Høgsongen av Salomo.
2Han kysse meg med kyssar av sin munn! For din kjærleik er betre enn vin.
3Dine salvar angar so ljuvleg, ein utrend salve er ditt namn; difor held møyane av deg.
4Drag meg! Me vil springa etter deg. Kongen hev ført meg inn i sine kovar; me vil fegnast og frygdast i deg, me vil prisa din kjærleik meir enn vin; med rette elskar dei deg.Sal 45,2-9; Jer 31,3
5Eg er svart, men like vel ven, de Jerusalems døtter, som Kedars tjeldbuer, som Salomos tjeldteppe.Job 30,28; Klag 4,8; Sal 120,5
6Sjå ikkje på meg, av di eg er so svart, av di soli hev brent meg so! Sønene åt mor mi harmast på meg, dei sette meg til vingardsvaktar; min eigen vingard hev eg ikkje vakta.
7Seg meg, du som mi sjel elskar: Kvar gjæter du no? Kvar held du middagskvild? For kvi skal eg ganga som ei kvinna med slør attmed hjordene åt felagane dine?1 Mos 38,14; Sal 45,8
8Veit du det ikkje, du fagraste av kvinnor, so fylg berre faret etter hjordi og gjæt dine kje burtmed hyrdingbuene!
9Med gangarane for Faraos vogner liknar eg deg, min hugnad.
10Vene er dine lekkjeprydde vangar, din hals med perleradene.
11Lekkjor av gull skal me laga åt deg med sylvprikkar på.
12Alt medan kongen sat med sitt bord, gav min narde sin ange.Matt 26,6-13; Mark 14,3
13Venen min er meg ei myrrakula, som ligg innved barmen min.
14Venen min er meg ei cyperdruva i En-Gedis vingardar.
15Kor fager du er, min hugnad, kor fager du er! Dine augo er duvor.Høgs 2,14; 4,1
16Å, kor du er fager, min ven, kor du er ljuvleg! Og vårt lægje er grønt.
17Sedrar er bjelkane i vårt hus, cypressar er vår tavlute himling.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.