1Ein song til høgtidsferdene. / Herre, gjev David løn for all hans møda,
2han som svor for Herren, lova Jakobs Veldige:
3Eg gjeng ikkje inn i mitt heimetjeld, eg stig ikkje upp på lega i mi seng,
4eg unner ikkje augo svevn, ikkje augneloki ein blund,
5fyrr eg finn ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs Veldige.
6Sjå, me høyrde um henne i Efrata, me fann henne i skogbygdi. /
7Lat oss ganga til hans bustad, lat oss tilbeda for hans fotskammel!
8Statt upp, Herre, og kom til din kvilestad, du og ditt veldes kista!2 Krøn 6,41-42
9Lat prestane dine klæda seg i rettferd og dine trugne ropa med fagnad!
10For David, din tenars skuld vis ikkje frå deg åsyni åt den du hev salva!
11Herren hev svore David ein sann eid, den gjeng han ikkje ifrå: Av di livsfrukt vil eg setja kongar på din stol;
12dersom borni dine held mi pakt og mine vitnemål, som eg skal læra dei, so skal og deira born æveleg og alltid sitja på din kongsstol.
13For Herren hev valt seg Sion, ynskt seg det til bustad:
14Dette er min kvilestad for all tid; her vil eg bu, for det hev eg ynskt.Sal 68,17
15Maten her vil eg rikleg signa, dei fatige vil eg metta med brød,
16og prestane vil eg klæda med frelsa, og dei gudlege skal ropa høgt av fagnad.
17Der vil eg lata veksa upp eit horn for David, stella til ei lampa for den eg hev salva.1 Sam 2,10; Luk 1,69; Sal 18,29
18Hans fiendar vil eg klæda med skam, men på han skal hans kruna stråla.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.