1Den eldste - til den kjære Gajus, som eg elskar i sanning.2 Joh 1,1
2Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må leva vel og hava helsa, liksom di sjel lever vel.
3For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, soleis som du ferdast i sanning.2 Joh 1,4
4Eg hev ingi større gleda enn det at eg høyrer mine born ferdast i sanningi.3 Joh 1,3
5Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, endå dei er framande,
6og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper dei i veg, so det sømer seg for Gud;Tit 2,13
7for det var for hans namns skuld dei drog ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningane.Matt 10,8
8Me er då skuldige til å taka oss av slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi.
9Eg hev skrive noko til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom dei, tek ikkje imot oss.
10Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord, og ikkje nøgd med det tek han ikkje sjølv imot brørne, og dei som det vil, hindrar han og støyter dei ut or kyrkjelyden.Matt 23,13
11Kjære, fylg ikkje vonde fyredøme, men gode! Den som gjer godt, er av Gud; den som gjer det vondt, hev ikkje set Gud.Sal 37,27; Jes 1,16; 1 Pet 3,11; 1 Joh 3,6
12Demetrius hev godt lov av alle, og av sjølve sanningi; ogso me gjev han godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant.Joh 19,35
13Eg hadde mangt å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva til deg med blekk og penn;2 Joh 1,12
14men eg vonar å få sjå deg snart, og då skal me talast ved munnleg.
15Fred vere med deg! Venene helsar deg. Helsa venene med namn!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.