1De skal ikkje gjera dykk avgudar og ikkje reisa utskorne bilete eller minnestolpar eller setja biletsteinar i landet dykkar og kasta dykk på kne for dei; for eg er Herren dykkar Gud.
26Når eg bryt sund brød-staven for dykk, då skal ti konor steikja brødet åt dykk i ein omn; dei skal gjeva dykk brødet att etter vekt, og de skal ikkje få eta dykk mette.Esek 4,16; 14,13; Hos 4,10
27Og høyrer de endå ikkje på meg, og herder de på og trassar,
28so fer eg imot dykk med vreide og refsar dykk sju gonger meir for alle syndene de gjorde.
29Då skal de nøydast til å eta kjøtet av sønene dykkar og kjøtet av døtterne dykkar.5 Mos 28,53; Jer 19,9
30Eg skal øyda offerhaugane dykkar og rydja solstolpane ut og kasta dykkar eigne lik på liki av skarnsgudane dykkar; for de byd mitt hjarta imot.Esek 6,4-7
31Eg vil leggja byane dykkar i røys og riva heilagdomane ned og vil ikkje ansa angen som stig upp frå offeri dykkar;
32eg skal gjera landet so audt at fiendane som bur der, skal fæla.Jer 25,9
33Men dykk skal eg spreida millom heidningane, og med drege sverd skal eg elta dykk; landet dykkar skal verta ei øydemark, og byane skal verta røysar.5 Mos 28,64-68; Jer 9,16
34Då skal landet få svara sabbatsåri sine, alt medan det lyt liggja i øyde, og de er i fiendelandet - ja, då skal landet få kvila og svara sabbatsåri sine;3 Mos 25,4
35alt medan det ligg audt, skal det kvila; då skal det få seg den helgekvildi det ikkje fekk i sabbatsåri, so lenge de endå budde der.2 Krøn 36,21
36Men dei av dykk som er att, skal eg gjeva slik redsla i hjarta medan dei held til i fiendelandet, at ljoden av eit fjukande lauv skal jaga dei av, og dei skal røma som når ein rømer for sverdet, og falla um ingen er etter dei.
37Dei skal snåva og detta, ein yver hin, som dei hadde sverdet i hælane, endå det er ingen som elter. De skal ikkje stå dykk mot fiendane dykkar,5 Mos 32,30; Jes 30,17
38men ganga til grunns millom heidningane, og fiendelandet skal tæra dykk upp.
39Og dei av dykk som endå er att, skal visna burt i fiendelandet for broti som dei hev gjort; og broti åt federne deira ligg på dei - for dei og skal dei folna burt.
40Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall frå meg og sveik meg og gjorde meg tvert imot,5 Mos 4,30; 30,2-10; Dan 9,4-19
41so eg og laut stå dei imot og førde dei inn i fiendelandet - ja, då skal deira u-umskorne hjarta bøygja seg, og dei skal få bøta for broti sine.
42Og so skal eg minnast mi pakt med Jakob og Isak og Abraham, og landet skal eg og minnast.2 Mos 2,24; 2 Kong 13,23; Luk 1,55.72
43Men landet lyt fyrst vera kvitt dei og svara sabbatane sine, medan det ligg audt etter dei; og dei lyt bøta si skuld, etter di dei vanda lovene mine leiddest av bodi mine.
44Men endå um det er so, og dei er i fiendelandet, vil eg ikkje vanda dei reint eller skjota dei heiltupp ifrå meg; eg vil ikkje rydja dei ut og brjota mi pakt med dei; for eg er Herren deira Gud.
45Til bate for dei vil eg minnast mi pakt med federne, som eg henta ut or Egyptarland midt for augo på heidningefolki og var deira Gud; eg er Herren.
46Dette er dei fyresegnene og bodi og lovene som Herren sette millom seg og Israels-folket på Sinaifjellet og let Moses kunngjera for dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.