1Ein song til høgtidsferdene. / Sæl er kvar den som ottast Herren, som ferdast på hans vegar.Sal 119,1
2Det du hev vunne med ditt strev, skal du njota; sæl er du, og det gjeng deg vel.
3Kona di er som eit fruktrikt vintre inne i ditt hus; borni dine er som oljekvister kringum bordet ditt.
4Sjå, soleis vert den mann velsigna som ottast Herren.
5Herren skal velsigna deg frå Sion, og du skal sjå med lyst på Jerusalems lukka alle dine levedagar.Sal 134,3
6Og du skal få sjå born av dine born. Fred vere yver Israel!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.