1Då me var vel berga, fekk me vita at øyi heitte Malta.Apg 27,26
2Folket som åtte heime der, var framifrå milde og gode mot oss. Dei gjorde upp ein eld og tok seg av oss alle saman; for det hadde teke til å regna og var kaldt.
3Paulus sanka i hop ein haug med turrkvist og la på elden. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og hogg seg fast i handi hans;
4og då øyefolket såg dyret som hekk etter handi hans, sa dei seg imillom: Den mannen må visst vera ein dråpsmann, sidan rettferdsgudinna ikkje vil lata han leva, endå han er berga or havsnaud.
5Paulus riste dyret av seg inn i elden, og hadde ikkje noko mein av hogget.Mark 16,18; Luk 10,19
6Hine venta på at han skulde trutna upp eller brått stupa daud åt jordi; men då dei hadde venta ei god stund, og såg at det ikkje hende han noko ilt, kasta dei um, og sa at han var ein gud.Apg 14,11
7I grendene der ikring hadde den fyrste mannen på øyi - Publius heitte han - eit stort gods. Han tok imot oss og fagna oss på det beste i tri dagar.Rom 12,13
8Det høvde so til at far åt Publius låg sjuk og hadde blodsott med heteflagor. Paulus gjekk inn til han og bad og la hendene på han og gjorde han god att.Jak 5,14; Mark 16,18
9Sidan det gjekk so, kom dei til han dei andre og der på øyi som hadde einkvar sjukdomen, og dei vart lækte.
10Dei gjorde då og stor æra på oss, og då me tok ut att, bar dei ut på skipet alt det me trong til ferdi.
11Då tri månader var lidne, sette me til havs på eit skip frå Aleksandria som hadde lege vinteren yver der ved øyi og hadde tvillingane til merke.
12Me la til lands i Syrakus og vart verande der tri dagar.
13Derifrå bauta me oss fram til Regium. Andre dagen fekk me sunnanvind, og kom på tvo dagar til Puteoli.
14Der fann me nokre brør, og dei bad oss vera hjå dei ei vikes tid. So for me til Rom.
15Brørne der hadde høyrt um oss og kom imot oss alt til Forum Appii og Tres Tabernæ, og då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk godt mod.
16Då me kom fram til Rom, gav hovudsmannen fangane yver til hovdingen for livvakti; men Paulus fekk lov til å bu for seg sjølv saman med den hersveinen som heldt vakt yver han.Apg 27,1; 24,23
17Tri dagar etter kalla han i hop dei fyrste mennene bland jødane, og då dei hadde samla seg, sa han til dei: Brør, eg hadde ingen ting gjort som var til meins for folket vårt eller braut dei skikkane me hev ervt frå federne våre, men endå vart eg sett fast og frå Jerusalem send yver til romarane og gjeven i hendene deira.Apg 21,26; 24,12-13; 25,8
18Då dei hadde forhøyrt meg, vilde dei setja meg fri; for eg var ikkje saka i noko som eg kunde dømast frå livet for.Apg 24,26; 26,32; 25,25
19Men jødane mælte imot, og eg vart nøydd til å skjota saki mi under keisaren, men ikkje so at eg vilde bera fram noko klagemål mot folket mitt.Apg 25,11
20Difor hev eg bede um å få sjå dykk og tala med dykk; for det er for den voni skuld som Israel hev, eg ber desse lekkjone.Ef 6,20; 2 Tim 1,16; Apg 26,6-7
21Dei svara: Me hev ikkje fenge noko brev um deg frå Judea; ikkje heller hev nokon av brørne våre kome hit og fortalt eller sagt noko vondt um deg.
22Men me vil gjerne få høyra av deg kva du meiner; for um denne sekti er det oss kunnigt at ho allstad vert motsagd.Apg 24,14; Luk 2,34
23Dei avtala ein dag med han, og kom so til han i herbyrget hans - dei var då endå fleire enn fyrre gongen. Frå morgon til kveld la han so ut for dei um Guds rike i ålvorsame ord, og freista å vinna dei for trui på Jesus med grunnar som han henta både frå Mose-lovi og frå profetane.Apg 26,22; Luk 24,27.44
24Sume vart yvertydde av det han sa, andre var vantruande.Apg 17,4
25Som dei no ikkje kunde semjast, gjekk dei sin veg då Paulus sa det eine ordet: Det var sant det som den Heilage Ande let profeten Esaias tala til federne dykkar:Jes 6,9-10; Matt 13,14-23; Joh 12,40
26Gakk til dette folket og seg: Høyra skal de nok, men ikkje håtta, og sjå skal de nok, men ikkje skilja.
27For hjarta i dette folket er hardt; tungt høyrer dei med øyro, og augo let dei att, so dei ikkje skal sjå med augo og høyra med øyro og skyna med hjarta og venda um, so eg kunde få lækja dei.
28So skal de då vita at denne Guds frelsa hev vorte send til heidningane; dei kjem og til å lyda på henne.Apg 13,46; 18,6
29Det var då han hadde sagt dei ordi, at jødane gjekk burt, alt medan dei ordskiftest kvast med kvarandre.
30Sidan budde Paulus tvo fulle år i eit hus han hadde leigt. Han tok imot alle som kom til han,
31og heile tidi forkynte han Guds rike og lærde um Herren Jesus hugheilt og fritt; det var ingen som hindra han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.