1Då sjuande månaden kom, og Israels-borni hadde busett seg i byane sine, samla folket seg som ein mann i Jerusalem.
2Josva Josadaksson med brørne sine, prestane, og Serubabel Sealtielsson og brørne hans tok til å byggja altaret åt Israels Gud, so dei kunde få bera fram brennoffer på det, soleis som det er fyreskrive i lovi åt Moses, gudsmannen.3 Mos 6,2-6; 5 Mos 12,13-14
3Dei reiste altaret på den gamle staden sin - for dei var fenge av redsla i seg for folki som budde i bygdene rundt i kring - og dei bar fram brennoffer for Herren på det, både morgon- og kvelds-brennoffer.4 Mos 28,4; 1 Krøn 16,40
4So høgtida dei lauvhyttehelgi, soleis som fyreskrive er, og bar fram brennoffer dag for dag, i rette talet og på rette måten, kvar dag dei offeri som til høyrde.3 Mos 23,34-44; 4 Mos 29,12-39
5Sidan ofra dei det dagvisse brennofferet og offeri som høyrde til nymåne-dagane og alle Herrens heilage høgtider, og like eins alle offer som nokon av fri vilje kom til Herren med.
6Frå fyrste dagen i sjuande månaden tok dei til å bera fram brennoffer til Herren; då var endå ikkje grunnvollen lagd til Herrens tempel.
7So gav dei pengar til steinhoggarane og timbremennene, og til sidonarane og Tyrus-mennene sende dei mat og drikke og olje, so dei skulde føra sedertimber ned frå Libanon og sidan sjøvegen til Joppe, etter det løyvet Kyros, persarkongen, hadde gjeve del.2 Krøn 2,16
8Året etter dei var komne fram til Guds hus i Jerusalem, i den andre månaden, gjekk dei i veg med verket, både Serubabel Sealtielsson og Josva Josadaksson og dei andre prestane og levitane, brørne deira og alle dei som var komne til Jerusalem or utlægdi, og dei sette alle levitar som var tjuge år yver det, til å hava tilsyn med arbeidet på Herrens hus.
9So kom då Josva med sønene og brørne sine og Kadmiel med sønene sine, etterkomarane etter Hodavja, og tok på seg å hava tilsyn med dei som arbeidde på Guds hus, og det same gjorde etterkomarane etter Henadad med sønene og brørne sine; dei høyrde og til levitane.Esra 2,40
10Og då bygningsmennene la grunnvollen til Herrens tempel, vart prestane stelte upp i embetsskrud med lurar og levitane av Asafs-ætti med cymblar; dei skulde prisa Herren, soleis som David, Israels-kongen, hadde sagt fyre.2 Krøn 29,25-26
11Og dei song Herrens lov og pris, for di han er god, og hans miskunn mot Israel varer æveleg. Då sette heile folket i med eit høgt fagnadrop og lova Herren for di grunnvollen var lagd til Herrens hus.2 Krøn 5,13; 7,3
12Men mange av prestane, levitane og ættehovdingane - dei gamle som hadde set det fyrste huset - gret høgt då dei såg grunnvollen til dette huset vart lagd, medan mange andre jubla høgt av gleda.Hag 2,3
13Folket kunde ikkje skilja glede- og jubellåten frå ljoden av gråten; for folket jubla so høgt at ljomen høyrdest lang leid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.