2. Mosebok 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Farao vyrder ikkje bodet han fær frå Herren, og vil ikkje lata folket fara, men legg endå tyngre byrder på det, 1-14. Han vil ikkje høyra på klagemåli deira; so kjem dei til Moses og Aron med dei; Moses vender seg til Herren, 15-23.

1Sidan gjekk Moses og Aron fram for Farao og sa: So segjer Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, so dei kann halda høgtid for meg i øydemarki!2 Mos 3,18

2Då sa Farao: Kven er Herren som eg skal lyda og lata Israel fara? Eg kjenner ikkje Herren, og eg vil ikkje lata Israel fara heller!Dan 3,15

3Dei svara: Hebrearguden hev møtt oss; gjev oss lov å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren vår Gud, so han ikkje skal koma yver oss med sott eller sverd!

4Då sa egyptarkongen til dei: Moses og Aron, kvi hefter de folket burt frå det dei hev å gjera? Gakk til arbeidet dykkar!2 Mos 1,11

5De ser kor mykje folk her er i landet no, sa Farao, og so vil de lokka folket til å leggja ned arbeidet sitt!2 Mos 1,7.12

6Og same dagen sa Farao det til futane og arbeidsmennene for arbeidsfolket:

7Heretter skal de ikkje gjeva folket halm til mursteinen, som de fyrr hev gjort. Dei skal sjølve ganga og sanka seg halm.

8Men like mykje murstein skal de krevja av dei no som fyrr; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei og segjer: Me vil av og ofra til Guden vår.

9Legg tungt arbeid på karane, so dei hev nok å gjera med det og ikkje fer etter lygjerødor!

10So gjekk futane og arbeidsformennene ut og sa til folket: So segjer Farao: Eg gjev dykk ikkje halm lenger.

11Gakk sjølve og finn dykk halm kvar de kann! Men i arbeidet dykkar fær de ikkje noko avslag.

12Då spreidde folket seg utyver heile Egyptarland og sanka helma til å bruka i staden for halmen.

13Men futane dreiv på og sa: Gjer arbeidet dykkar ferdigt, fullt dagsverk til kvar dag, som då de hadde halm for hand!

14Og arbeidsformennene som futane åt Farao hadde sett yver Israels-borni, fekk hogg, og futane sa: Kvi hev de ikkje gjort ifrå dykk ålaget dykkar anten i går eller i dag, som de fyrr gjorde?

15Då gjekk arbeidsformennene til Farao og kjærde seg for han og sa: Kvi fer du soleis med tenarane dine?

16Halm fær me ikkje, og like vel segjer dei til oss: Gjer murstein! Og so fær me hogg, endå det er dine folk som hev skuldi.2 Mos 9,27

17Men han sa: Late er de, late! Difor segjer de: Me vil av og ofra til Herren!

18Gakk no av og arbeid! Og halm fær de ikkje, men mursteinen skal de greida, talet fullt!

19Arbeidsformennene skyna at dei var ille farne, då dei fekk høyra dei ordi: De fær ikkje noko avslag på mursteinen dykkar - fullt dagsverk til kvar dag!

20Då dei kom ut att frå Farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei.

21Då sa dei til dei: Herren heimsøkje dykk og døme dykk for di de hev gjort Farao og tenarane hans hatige på oss og gjeve dei sverdet i handi til å drepa oss med!

22Og Moses vende seg atter til Herren og sa: Herre, kvi hev du fare so ille med dette folket? Kvi hev du då sendt meg?

23For alt ifrå den stund eg gjekk fram for Farao og tala i ditt namn, hev han gjort vondt mot dette folket, og du hev ikkje hjelpt folket ditt ein grand.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help