Esekiel 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Medan Esekiel sit i huset sitt med dei jødiske eldste framfor seg, vert han i ei syn førd til templet i Jerusalem, og der syner Herrens herlegdom seg atter for han, 1-4. Herren let han sjå all den avgudsdyrkingi Israel hev drive, 5-16, og segjer at han nådelaust vil straffa folket for den, 17.18.

1I det sette året, den femte dagen i sette månaden, medan eg sat i huset mitt, og styresmennene i Juda sat framfor meg, hende det at Herrens Israels Guds hand fall på meg der.

15Og han sa til meg: Hev du set det, menneskeson? Du skal få sjå endå meir styggedom, større enn denne.

16Og han førde meg inn i den indre fyregarden til Herrens hus, og sjå, attmed inngangen til Herrens tempel, millom forhalli og altaret, var det ikring fem og tjuge menner som snudde ryggen til Herrens tempel og andleti mot aust, og dei lutte seg austetter og bad til soli.

17Og han sa til meg: Hev du set det menneskeson? Kunde ikkje Juda-lyden nøgja seg med å gjera all styggedomen dei her hev gjort, sidan dei og hev fyllt landet med vald og atter harma meg upp? Sjå kor dei no held kvisten upp for nosi.

18So vil då eg og lata vreiden min råda; eg vil ikkje tykkja synd i dei og ikkje spara dei; og um dei ropar aldri so høgt for øyro mine, so vil eg ikkje høyra dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help