4. Mosebok 34 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren fastset grensone for Kana'ans-landet, 1-15, og nemner tolv mann som skal skifta det millom Israels-borni, 16-29.

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Seg til Israels-borni: Når de kjem inn i Kana'anslandet - det er det landet de skal hava og eiga, heile Kana'anslandet so vidt som det er -

12so skal det ganga nedåt Jordan og ut i Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar etter bytemerki sine rundt ikring.

13Og Moses sa til Israels-borni: Dette er det landet som de skal få til odel og eiga; de skal skifta det i luter og kasta lut um dei; det er det landet som Herren hev sagt skal gjevast åt dei ni ættene og den eine halve ætti.

14For Rubens-ætti med greinene sine og Gads-ætti med sine greiner og den halve Manasse-ætti hev fenge dei eigone dei skal hava;4 Mos 32,33

15desse tvo ættene og den halve ætti hev fenge sin eigedom på denne sida av Jordanelvi, midt for Jeriko - i aust, mot solrenningi.

16Og Herren tala til Moses og sa:

17Høyr no kva dei er for menner som skal skifta ut landet millom dykk; Eleasar, presten, Josva Nunsson

18og so ein hovding frå kvar ætt, som de skal taka til utskiftingsmann;

19det er av Juda-ætti Kaleb, son åt Jefunne,

20og av Simeons-ætti Semuel, son åt Ammihud,

21og av Benjamins-ætti Elidad, son åt Kislon;

22so ein hovding av Dans-ætti: Bukki, son åt Jogli,

23og av Josefs-borni ein hovding av Manasse-ætti: Hanniel, son åt Efod,

24og ein hovding av Efra'ims-ætti: Kemuel, son åt Siftan;

25so ein hovding av Sebulons-ætti. Elisafan, son åt Parnak,

26og ein hovding av Issakars-ætti: Paltiel, son åt Assan,

27og ein hovding av Asers-ætti: Akihud, son åt Selomi,

28og ein hovding av Naftali-ætti: Pedael, son åt Ammihud.

29Desse mennene var det som Herren sa skulde skifta eigedomane millom Israels-borni i Kana'anslandet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help