Johannes 15 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Jesu avskilstale til læresveinane held fram. Han samanliknar seg med vintreet og dei med greinene, og manar dei med det til å verta verande i livssamfundet med han og til å vera trugne mot dette samfundet, 1-8. Han bed dei dessutan elska kvarandre, med di han held fram sin store kjærleik, som han syner med di han ofrar livet sitt for dei, hev gjort dei til sine vener, openberra heile Guds frelses-råd for dei og valt dei ut til apostelyrket, 9-17. Liksom verdi hatar han, vil ho hata dei og, fordi dei høyrer han til og vitnar um han, 18-27.
1Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen.
2Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han burt, og kvar som ber frukt, reinskar han, so ho skal bera meir frukt.
3De er alt reine for skuld ordet som eg hev tala til dykk.