1Men då Jeremias var ferdig med å tala til alt folket alle Herrens, deira Guds ord, som Herren deira Gud hadde sendt han med til dei - alle desse ordi,
2då sa Asarja Hosajason og Johanan Kareahsson og alle dei ovmodige mennene, dei sa til Jeremias: Det er lygn det du segjer: Herren vår Gud hev ikkje sendt deg og sagt: De skal ikkje fara til Egyptarland og bu der.
3Men Baruk Nerijason eggjar deg upp imot oss, so me skal verta gjevne i hendene på kaldearane, og dei skal drepa oss eller føra oss burt til Babel.
4Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingane og alt folket vilde ikkje høyra på Herrens røyst og vera i Judalandet.
5Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingane tok alle som var att av Juda, dei som var komne heim att frå alle heidningefolki som dei hadde vore burtdrivne til, og vilde bu i Judalandet,
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.