1Josafat vann stor rikdom og æra. Han kom i giftarskyldskap med Akab,
21Åndi svara: Eg vil fara ut og vera ei ljugarånd i munnen på alle profetane hans. Då sa Herren: Ja, du kann få dåra han, og det skal lukkast for deg og; far ut og gjer so!
22So no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på alle desse profetane dine; men sjølv hev han varsla deg ei ulukka.
23Då steig Sedekias, son åt Kena'ana fram og slo Mika på kinni og sa: Kva veg hev Herrens Ande fare frå meg for å tala med deg?Joh 18,22; Apg 23,2
24Mika svara: Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ei gøymsla.
25Då sa Israels-kongen: Tak Mika og før han burt att - til Amon, byhovdingen, og Joas, kongssonen,
26og seg: So segjer kongen: Set han i fangehuset og lat han leva på fangekost til eg kjem att med heilo!2 Krøn 16,10
27Mika sa: Skulde det henda at du kjem heim att med heilo, so hev ikkje Herren tala gjenom meg. Og han la til: Høyr dette, de folk, alle saman!
28So drog Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.1 Kong 22,29-40
29Og Israels-kongen sa til Josafat: Eg vil klæda meg ut og so ganga i striden; men hav du på deg den vanlege bunaden din. So klædde han seg ut, Israels-kongen, og dei gjekk i striden.
30Men syrarkongen hadde sagt til hovdingane for vognheren sin: De skal ikkje taka på nokon, anten liten eller stor, anna berre på Israels-kongen.
31Som no vognhovdingane såg Josafat, tenkte dei det var Israels-kongen, og dei styrmde kring han og vilde taka på han. Då sette Josafat i eit høgt rop, og Herren hjelpte han - Gud vende dei burt frå han.
32For då vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå han att.
33Medan dette stod på, var det ein mann som spente bogen og skaut på måfå og råka Israels-kongen millom brynjestakken og brynja. Då sa han til vognstyraren: Snu og køyr meg ut or heren! Eg er såra.2 Krøn 35,23
34Men striden auka på den dagen, og Israels-kongen heldt seg uppreist i vogni midt imot syrarane alt til kvelds; men soleglads bel døydde han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.