1So skal du gjera eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du gjera det,
17Og Herren tala til Moses og sa:
18Du skal gjera ei tvåttebalja av kopar; foten under henne skal og vera av kopar, og du skal setja henne millom møtetjeldet og altaret og hava vatn i henne.2 Mos 38,8; 40,30-33
19Og Aron og sønene hans skal taka av vatnet og två hendene og føtene sine;
20kvar gong dei gjeng inn i møtetjeldet, skal dei två seg i vatnet, so dei ikkje skal lata livet, og like eins når dei stig fram åt altaret og skal gjera tenesta og brenna eldoffer for Herren.
21Dei skal två hender og føter; elles lyt dei døy. Det skal vera ei lov for han og ætti hans, mann etter mann, i all æva.
22Og Herren tala til Moses og sa:
23Få deg angande kryddor av dei gjævaste som er: sjølvrunnen myrra, fem hundrad sekel, og kryddekanel, helvti so mykje eller tvo hundrad og femti sekel, og kryddekalmus, hundrad og femti sekel,
24og kassia, fem hundrad sekel, alt etter heilag vekt, og so ein hin av den finaste bæroljen.
25Av det skal du laga ein heilag salvingsolje, ei kryddesalva, soleis som salvelagarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera,2 Mos 37,29
26og med den skal du salva møtetjeldet og vitnemålskista2 Mos 40,9-15
27og bordet med alt det som til høyrer, og ljosestaken med det som høyrer til han, og røykofferaltaret
28og brennofferaltaret med alt det som til høyrer, og balja med foten ho stend på.
29Du skal helga dei, so dei vert høgheilage; kvar den som kjem nær dei, skal vera heilag.
30Og Aron og sønene hans skal du salva og helga, so dei kann vera prestar for meg.
31Og du skal tala til Israels-borni og segja: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk frå ætt til ætt.
32Han må ikkje koma på lekamen åt noko anna menneske, og de må ikkje laga annan olje som er soleis blanda som denne. Heilag er han, og heilag skal de halda han.
33Den som lagar maken til denne kryddesalven eller brukar han på ein som ikkje er vigd, han skal rydjast ut or folket sitt.
34Og Herren sa til Moses: Få deg røykjekryddor: stakte og angeskjel og galban, desse tri kryddeslagi, og so rein angekvåda, like mykje av kvart!
35Det skal du gjera røykjelse av, ei kryddeblanding slik som salveblandarane lagar, salta, rein, heilag.
36Noko av det skal du mylja smått og leggja framfor vitnemålet i møtetjeldet, der som eg vil møtast med deg; høgheilagt skal de halda det.2 Mos 25,22
37Røykjelse som er soleis blanda som denne, må de ikkje laga åt dykk sjølve; heilag for Herren skal du halda han.
38Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.