2. Samuelsbok 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David tek Gat, hovudstaden åt filistarane, og vinn yver moabitane og Hadadeser, kongen i Soba, og syrarane frå Damaskus, 1-8. To'i, kongen i Hamat, som er uvenen åt Hadadeser, sender David gåvor; dei og det herfanget David hev teke frå heidningfolki, helgar han til Herren, 9-12. Han slær edomitane; Herren er med han, 13-15. Dei høgste embetsmennene hans vert upprekna, 16-18.

1Sidan vann David på filistarane og døyvde dei - han tok hovudstadstaumane ut or hendene deira.

4David tok ifrå han syttan hundrad mann av hestfolket og tjuge tusund av fotfolket; vognhestane skar han av hasane på og sparde ikkje att meir enn hundrad av dei.

11Dei og helga kong David til Herren i hop med det sylvet og gullet han helga av herfanget frå alle dei heidningfolki han hadde lagt under seg;

12frå Syria og frå Moab og frå Ammons-borni og frå filistarane og frå amalekitane og av herfanget frå Hadadeser Rehobsson, kongen i Soba.

13Eit stort namn vann David då han på heimvegen frå syrar-slaget slo attan tusund mann i Saltdalen.

14Han la hervakter i Edom; i heile Edom la han hervakter, og alle edomitane gav seg under han. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.

15So rådde no David yver heile Israel, og David gjorde rettferd mot heile folket sitt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help