Salmane 95 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Songaren uppmodar Israel til å prisa Herren, som er upphøgd yver alle ting og hev skapt og eig heile jordi, 1-5, og til å tilbeda han, den trufaste hyrdingen for folket sitt, og lyda han, 6.7; han åtvarar det mot å gjera hjarta sitt hardt, liksom dei vantruande federne, som med det stengde seg sjølve ute frå den kvila som dei hadde fenge lovnad um, 8-11. - Salmen peikar fram mot den openberringi av Guds nåde og allmakt som skulde koma med Kristus, og manar til å prisa han og ikkje gjera hjarta hardt mot han og frelsa i han (Hebr 3,7 fg; 4,5 fg).
1Kom, lat oss fegnast for Herren, lat oss ropa av frygd for vårt frelse-berg!
2Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for han i salmar!
3For Herren er ein stor Gud og ein stor konge yver alle gudar,