1So sa Herren til meg: Gakk og kjøp deg eit linbelte og spenn det um lendene dine, men lat det ikkje koma i vatn!
2Og eg kjøpte beltet etter Herrens ord og spente det um lendene mine.
3Då kom Herrens ord til meg andre gongen, og det lydde so:
4Tak beltet som du kjøpte, det som du hev um lendene, og statt upp og gakk til Eufrat og gøym det der i ei bergriva!
5Og eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, so som Herren hadde sagt meg fyre.
6Lang tid etter sa Herren til meg: Statt upp og gakk til Eufrat og henta derifrå det beltet som eg bad deg gøyma der!
7Og eg gjekk til Eufrat og grov og tok beltet frå den staden der eg hadde gøymt det; og sjå, beltet var øydelagt, det var inkje gagn i det meir.
8Då kom Herrens ord til meg:
9So segjer Herren: Soleis vil eg gjera ende på det store ovmodet i Juda og Jerusalem.
10Dette vonde folket, som ikkje vil høyra på mine ord, som fylgjer sitt harde hjarta og fer etter andre gudar og tener og tilbed dei, det skal verta som dette beltet som det ikkje er gagn i meir.
11For liksom beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg heile Israels hus og heile Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd og til pris og til pryda; men dei høyrde ikkje.
21Kva vil du segja når han set til hovdingar yver deg dei som du sjølv hev vant på deg og havt til vener? Skulde du ikkje få flagor, som ei kvinna i barnsnaud?
22Og når du segjer i ditt hjarta: Kvi hev dette hendt meg? For dine mange misgjerningar er din kjolefald lyft upp, dine hælar nækte med vald.Jer 13,6; Nah 3,5
23Kann ein blåmann skifta si hud, eller ein leopard sine flekker? - Då kann de og gjera godt, de som hev vanst til å gjera vondt.Sal 55,20
24So vil eg då spreida dei liksom halm som fyk for vind utor øydemarki.Sal 1,4; Job 21,18
25Dette er luten din, den deilen eg hev etla åt deg, segjer Herren, av di du hev gløymt meg og lite på lygn.
26So vil då eg og lyfta upp din kjolefald yver ditt andlet, so dei ser di skam.
27Horelivnaden din og kneggjingi di, den skamlause ulivnaden din uppå haugane på marki, ja all din styggedom hev eg set. Usæle Jerusalem! Kor lenge kjem det ikkje endå til å vara fyrr du vert rein!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.