1Um eg talar med mennesketungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla.
2Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, då er eg ingen ting.Matt 7,22; 17,20; 21,21
3Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min lekam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
4Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp;Ordt 10,12
5han gjer inkje usømeleg, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde;1 Kor 10,24.33
6han gleder seg ikkje ved urettferd, men gleder seg ved sanning.Sal 15,4; 3 Joh 1,4
7Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
8Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende.
9For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis;
10men når det fullkomne kjem, då skal det som er i stykkjevis, få ende.
11Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men då eg vart mann, la eg av det barnslege.
12For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men då skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend.2 Kor 3,18; 5,7; Matt 5,8; 1 Joh 3,2; Op 22,4
13Men no vert dei verande desse tri: tru, von, kjærleik, og størst av dei er kjærleiken.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.