Job 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Job er ein ulastande og gudleg mann; han hev ti born og er ovrik; eit vitnemål um gudlegdomen hans er det at han ofrar for borni sine når dei hev halde gjestebod, 1-5. Satan segjer at Job ottast Gud berre av di Gud hev velsigna han so rikleg, 6-11. Herren gjev Satan lov til å øydeleggja alt det Job eig; Job misser buskapane og sveinane og borni sine, men er like vel tolug og gjev seg under Guds vilje, 12-22.

1I landet Us budde ein gong ein mann som heitte Job. Det var ein ulastande og rettvis mann, som ottast Gud og heldt seg frå det som vondt var.Job 1,8; 2,3; Esek 14,14-23; 1 Mos 6,9; Luk 1,6

2Han fekk sju søner og tri døtter,

3og han åtte sju tusund sauer og tri tusund kamelar og fem hundrad par uksar og fem hundrad asnor og hadde ei stor mengd med tenarar, so han var den mektigaste av alle austerlendingane.

4Sønene hans hadde for skikk å halda gjestebod kvar sin dag og kvar heime hjå seg, og dei sende bod til dei tri systerne sine og bad dei koma og eta og drikka i lag med dei.

5Når so ein umgang med gjestebodsdagar var til endes, sende Job bod etter dei og helga dei; han reis upp tidleg um morgonen og ofra brennoffer, eitt for kvar einskild av dei; for Job sa: Kann henda hev sønene mine synda og banna Gud i sitt hjarta. Soleis gjorde Job kvar gong.

6So hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren, og i lag med dei kom Satan og.Job 2,1-5

7Herren spurde Satan: Kvar kjem du ifrå? Satan svara: Eg hev fare og svive ikring på jordi.1 Pet 5,8

8Då spurde Herren Satan: Hev du gjeve ans på Job, tenaren min? For liken hans finst ikkje på jordi, so ulastande og rettvis ein mann som han er, og so som han ottast Gud og held seg frå det som vondt er.

9Men Satan svara Herren: Skal tru Job ottast Gud for ingen ting?

10Hev du ikkje hegna um han og huset hans og alt det han eig, på alle leider? Alt hans yrke hev du signa, og buskapane hans hev breidt seg vidt utyver i landet.

11Men rett ut handi di og rør ved alt det han eig - då skal han so visst banna deg upp i andletet!

12Då sa Herren til Satan: Sjå, alt det han eig, er i ditt vald; men han sjølv må du ikkje leggja hand på. So gjekk Satan burt frå Herrens åsyn.

13Ein dag sønene og døtterne hans heldt måltid og drakk vin heime hjå den eldste broren,

14kom det ein mann til Job og sa: Uksane gjekk for plogen, og asnone beitte tett attmed;

15då kom sabearane yver dei og tok dei, og sveinane hogg dei ned med sverdet; berre eg slapp undan, so eg kunde segja frå til deg.

16Medan han endå tala, kom ein annan og sa: Guds eld for ned frå himmelen og råma småfeet og sveinane og brende dei upp; berre eg slapp undan, so eg kunde segja frå til deg.

17Medan han endå tala, kom den tridje og sa: Kaldearane kom i tri flokkar og kasta seg yver kamelane og tok dei, og sveinane hogg dei ned med sverdet; berre eg slapp undan, so eg kunde segja frå til deg.

18Medan han endå tala, kom den fjorde og sa: Sønene og døtterne dine heldt måltid og drakk vin heime hjå den eldste broren;

19då kom det brått ein sterk storm frå hi sida øydemarki og tok fat i alle fire hyrno på huset, so det seig i hop yver ungdomane og slo dei i hel; berre eg slapp undan, so eg kunde segja frå til deg.

20Då stod Job upp og reiv sund kappa si og klypte håret av hovudet og kasta seg å gruve og tilbad1 Mos 37,29.34; Esra 9,3

21og sa: Naken kom eg or morslivet, og naken fer eg attende. Herren gav, og Herren tok; Herrens namn vere lova!Fork 5,14; 1 Tim 6,7

22Trass i alt dette synda ikkje Job, og han lasta ikkje Gud for det som hadde hendt han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help