1Og Herren tala til Moses og sa:
2Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de kjem inn i det landet de skal bu og byggja i, det som eg vil gjeva dykk,
3og de ofrar eldoffer til Herren - brennoffer eller slaktoffer av storfe eller småfe til godange for Herren - anten det er ein lovnad de vil løysa, eller det er eit friviljugt offer eller eit høgtidsoffer,
4so skal den som ber offeret sitt fram for Herren, koma med eit matoffer, og det skal vera tiandeparten av ein efa mjøl, blanda med fjordeparten av ein hin olje,
5og til drykkoffer skal du gjeva fjordeparten av ein hin vin attåt brennofferet eller slaktofferet, dersom det er eit lamb;
31for han hev vanvyrdt Herrens ord og brote bodet hans. Den mannen skal rydjast ut; han skal lida for brotet sitt.
32Medan Israels-borni var i øydemarki, råka dei ein gong ein mann som sanka ved ein sabbatsdag.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.