Salmane 40 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David vitnar korleis Herren hev berga han, som tolug venta på hans hjelp, ut or stor naud, og med det styrkt mange i trui, 2-4, og han prisar alle sæle som set si lit til Gud, som fyrr og hev gjort tallause under for folket sitt, 5.6. Han veit at Herren krev ikkje dyre-offer av han til takk for frelsa, men at han skal gjera hans vilje sjølvmint, og han segjer seg viljug til det, 7-9, liksom han alt hev ofra takkoffer til han med munnen, 10-11. Endå han er frelst, er han enno kringsett av store lidingar og fårar; difor bed han Gud at han må skunda seg og fria han ut or dei og, til skam og spott for fiendane hans, og segjer seg til slutt viss på at han skal verta bønhøyrd, 12-18. / I det som er sagt i v. 7-9, ligg ein spådom um at offeri som høyrer det gamle testamentet til, skal verta avskipa, og det fullkomne forsonings-offeret som Kristus hev bore fram, skal koma i staden. (Hebr 10,5 fg).

1Til songmeisteren, av David; ein salme.

2Eg venta og venta på Herren; då bøygde han seg til meg og høyrde mitt rop.

3Han drog meg upp or den tynande gravi, or søkkjedya, og han sette mine føter uppå berggrunn, han gjorde mine steg støde.

9å gjera din vilje, min Gud, er mi lyst, og di lov er i mitt hjarta.Sal 37,31

10Eg bar fagnadbod um rettferd i ei stor samling; sjå, eg let ikkje att mine lippor; Herre, du veit det.Sal 35,18

11Eg løynde ikkje di rettferd i mitt hjarta, eg kunngjorde din truskap og di frelsa; eg dulde ikkje din nåde og di sanning for ei stor samling.

12Du, Herre, vil ikkje lata att di miskunn for meg; din nåde og di sanning vil alltid vakta meg.

13For trengslor utan tal hev umspent meg, mine misgjerningar hev gripe meg, so eg ikkje kann sjå; dei er fleire enn håri på mitt hovud, og mitt mod hev forlate meg.Sal 38,11

14Hugnast. Herre, å fria meg ut! Herre, skunda deg og hjelp meg!Sal 70,2.6

15Lat dei verta til skam og spott alle dei som stend meg etter livet og vil riva det burt! Lat dei vika attende og skjemmast dei som ynskjer meg vondt!Sal 35,4

16Lat dei verta forfærde yver si skjemd dei som segjer til meg: Ha, ha!Sal 35,21.25

17Lat dei fegnast og gleda seg i deg alle dei som søkjer deg! Lat dei som elskar di frelsa, alltid segja: Høglova vere Herren!Sal 35,27

18For eg er arm og fatig; Herren vil tenkja på meg. Du er mi hjelp og min frelsar; min Gud, dryg ikkje!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help