1. Samuelsbok 14 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I tillit til Gud tek Jonatan og våpensveinen hans på filistarane og vinn yver dei, 1-15. Saul fær vita det, set etter fienden med herfolket og vinn, 16-23. Saul forbannar den som et eller drikk noko den dagen; Jonatan veit ikkje um dette og et honning i skogen; sidan et folket kjøt med blodet i; Saul byggjer eit altar for Herren, 24-35. Han spør Herren um han skal setja etter fiendane, men fær ikkje svar; dei kastar lut, og då fær Saul vita at Jonatan hev ete honning; Saul vil drepa han, men Jonatan vert berga av folket, 36-46. Saul vinn yver Israels fiendar, 47.48. Kona og borni hans, ætti hans og krigslivet hans, 49-52.

1So hende det ein dag at Jonatan, son åt Saul, sa til våpensveinen sin: Kom, lat oss ganga yver til filistar-utposten der burte på hi sida! Men han tala ikkje til far sin um det.

2Saul låg då i utkanten av Gibea, under granatapalen som stend innmed Migron, og herfolket han hadde hjå seg, var um lag seks hundrad mann.

34So sa han: Gakk ikring millom folket og seg til dei at kvar og ein av dei skal koma hit til meg med uksen sin og lambet sitt og slakta dei her; so kann dei eta kjøtet - dei må ikkje synda mot Herren og eta kjøtet med blodet i. Då kom kvar mann i heren leidande med kvar sin ukse um natti og slakta dei der.

35Og Saul bygde eit altar for Herren; det var det fyrste altaret han bygde for Herren.

36Sidan sa Saul: Lat oss setja etter filistarane nedigjenom i natt og herja millom dei til dagen renn! Lat oss øyda dei, so ingen vert att! Dei svara: Gjer i alle måtar som du tykkjer det best! Men presten sa: Lat oss stiga hit fram for Gud!

37So spurde Saul Gud: Skal eg setja etter filistarane nedigjenom? Vil du gjeva dei i hendene på Israel? Men Gud svara han ikkje den dagen.

38Då sa Saul: Kom hit alle hovdingar millom folket! Ransaka og røk etter korleis det hev seg med den syndi som er gjord i dag!

39For so visst som Herren lever, han som bergar Israel: Um det so er Jonatan, son min, som ber skuldi, so skal han døy! Men ingen av heile folket svara han eit ord.

40So sa han til heile Israel: De skal standa på den eine sida, og eg og Jonatan, son min, på den andre. Og folket svara: Gjer som du tykkjer det best!

41Då sa Saul til Herren, Israels Gud: Lat sanningi koma for dagen! Og luten fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.Jos 7,16; Jona 1,7

42So sa Saul: Kasta lut millom meg og Jonatan, son min! Og luten fall på Jonatan.

43Då sa Saul til Jonatan: Seg meg kva du hev gjort! Jonatan fortalde han det og sa: Eg tok litt honning på enden av staven eg hadde i handi, og smaka på det; her stend eg og er budd på å døy.Jos 7,19

44Då sa Saul: Gud late meg bøta for det både no og sidan um du ikkje no lyt døy, Jonatan!

45Men folket sa til Saul: Skal Jonatan døy, han som hev vunne denne store sigeren i Israel? Det skal aldri henda! So visst som Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet hans! For det er med Guds hjelp han hev gjort det han hev gjort i dag. Soleis berga folket Jonatan, so han ikkje miste livet.1 Sam 11,13; 2 Sam 14,11; 1 Kong 1,52

46Men Saul for heim og elte ikkje filistarane lenger, og filistarane for heim til sitt land.

47Då Saul hadde vunne kongedømet i Israel, stridde han mot alle fiendane sine rundt ikring: mot Moab og Ammons-borni, mot Edom og Sobakongane og mot filistarane, og kvar helst han vende seg, tukta han dei.

48Han vann seg stort velde og slo amalekitane og berga Israel frå dei som herja det.

49Sønene åt Saul var Jonatan og Jisvi og Malkisua, og av dei tvo døtterne hans heitte den eldste Merab og den yngste Mikal.1 Krøn 8,33; 1 Sam 31,2

50Kona åt Saul heitte Akinoam og var dotter åt Akima'as. Herhovdingen åt Saul heitte Abner og var son åt Ner, som var farbror åt Saul;

51for Kis, far åt Saul og Ner, far åt Abner, var båe søner åt Abiel.1 Sam 9,1

52Striden mot filistarane var hard so lenge Saul levde, og so tidt Saul såg ei kjempa eller ein djerv kar, tok han dei i si tenesta.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help