1Då tok Job til ords og sa:
2Gjev dei vilde vega min hugverk, og samstundes leggja all mi ulukka på vekti!
3For no er ho tyngre enn havsens sand; difor var ordi mine ville.
4For pilene åt den Allmektige sit i meg, og mi ånd lyt drikka deira gift; redslor frå Gud fylkjer seg mot meg.
8Å, berre bøni mi vart høyrd, og Gud let voni verta uppfyllt!
9Ja, vilde Gud gjera vel og knusa meg, retta ut si hand og skjera av min livstråd!Job 27,8
10Då hadde eg endå ei trøyst, eg hoppa av gleda midt i nådelaus pina; for eg hev ikkje neitta ordi åt Den Heilage.
11Kva styrke hev eg, so eg kunde herda, kva ende fær eg, so eg kunde vera tolug?
12Er kanskje eg so sterk som steinen? Er kanskje kroppen min av kopar?
13So er eg då reint hjelpelaus, all frelsevon er teki frå meg.
14Den usæle trong møta kjærleik hjå sin ven, um so han ikkje lenger ottast den Allmektige.
15Men brørne mine sveik som bekken, som elvedrag der flaumen gjeng;Sal 38,12
16fyrst gruggast dei av bråna is, og snøen løyner seg i dei,
17so minkar dei i sumarsoli og kverv reint burt i sumarheten.
18Vegfarande vik av til dei, men kjem til øydemark og døyr.
19Vegfarande frå Tema skoda dit, ferdafylgje frå Sjeba vona på dei;
20dei vart til skammar i si von; då dei kom fram, so vart dei narra.
21So hev de vorte reint til inkjes, de ser ulukka og vert redde.
22Hev eg vel bede dykk um gåvor? Bad eg dykk hjelpa meg med gods
23og frelsa meg frå fiendvald, kjøpa meg fri frå valdsmenner?
24Lær meg, so skal eg tegja still, syn meg kvar eg hev fare vilt!
25For kraft det er i rettvis tale! Men last frå dykk er inkje verdt.Fork 12,11
26Tenkjer de på å lasta ord? Men ord frå vonlaus mann dei er for vinden.
27De kunde jamvel kasta lut um farlaust barn og bjoda venen dykkar fram til sals.
28Men gjer no vel og sjå på meg! Trur de eg lyg dykk upp i andletet?
29Vend um, lat ikkje urett henda! Vend um, enn hev eg rett i dette.
30Finst det vel urett på mi tunga? Eller kjenner ikkje gomen min kva som er vondt?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.