1. Samuelsbok 24 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David held til i En-Gedi-øydemarki; Saul set etter han der og, 1-3. David sparer livet åt Saul i ein heller, men skjer ein snipp av kappa hans, 4-8. David syner Saul kor stor urett han hev gjort han, 9-16. Saul gjeng ved at han hev synda, let David gjera eiden på at han ikkje skal rydja ut ætti hans, og fer heim att, 17-23.

1So for David burt derifrå og heldt til i fjellborgene ved En-Gedi.

2Då no Saul kom heim att og hadde drive filistarane undan, fekk han bod um at David var i En-Gediøydemarki.

3Då tok han med seg tri tusund mann, som han hadde valt ut or heile Israel, og drog av stad og vilde leita etter David og mennene hans på Steinbukkhøgdene.1 Sam 26,2

4Og han kom til sauekviene attmed vegen. Der var det ein heller; den gjekk han inn i og vilde vera for seg sjølv eit lite bel. Men David og mennene hans sat inst inni helleren.

5Då sa mennene åt David til han: No er den dagen komen som Herren tala soleis um til deg: Sjå, no gjev eg uvenen din i ditt vald, so du kann gjera med han som du vil. So reiste David seg og skar i løynd ein snipp av kappa hans Saul.1 Sam 26,8

6Men sidan fekk David samvitsagg, av di han hadde skore av snippen på kappa hans Saul,

7og han sa til mennene sine: Herren frie meg frå å gjera slikt mot herren min, mot den som Herren hev salva, og leggja hand på han! Han er då den som Herren hev salva.2 Sam 1,14-16

8Og David skjente på mennene sine og let dei ikkje få lov til å taka på Saul. Men Saul tok ut frå helleren og gav seg på vegen att.

9Då reis David og upp og gjekk ut or helleren og ropa etter Saul: Herre konge! Saul såg attum seg. Då la David seg på kne og bøygde seg med andletet mot jordi

10og sa: Kvifor høyrer du på folk som segjer at David freistar å valda deg vondt?

11I dag hev du då med eigne augo set at Herren hadde gjeve deg i mine hender i helleren; dei rådde meg til å drepa deg, men eg tykte synd i deg og sa: Eg vil ikkje leggja hand på herren min; for han er den som Herren hev salva.

12Men sjå her, far, her held eg snippen av kappa di i handi! Når eg skar denne snippen av kappa di og ikkje drap deg, so må du då skyna og sjå at eg ikkje hev emna på noko vondt eller nokor misgjerning, og at eg ikkje hev forbrote meg mot deg, endå du sit etter meg og vil taka livet av meg.Sal 7,4-6

13Herren skal døma millom meg og deg, og Herren skal hemna meg på deg, men mi hand skal ikkje lyfta seg mot deg;Rom 12,19; 1 Pet 2,23

14det er som dei segjer for eit gamalt ord: Av vonde er vondt ventande. Men mi hand skal ikkje lyfta seg mot deg.

15Kven er det Israels konge er ute og leitar etter? Kven er det du elter? Ein daud hund, ei loppa.1 Sam 26,20; 2 Sam 9,8

16So skal då Herren vera domar og skifta rett millom meg og deg; han sjå åt og føre mi sak og døme meg fri or dine hender!Sal 43,1; 17,2

17Då David hadde tala til endes, sa Saul: Er det du som talar, David, son min? Og han brast i og gret1 Sam 26,17

18og sa til David: Du er betre enn eg; du hev gjort meg godt, og eg hev gjort deg vondt.1 Sam 25,21; Sal 35,12

19I dag hev du synt meg kor god du hev vore mot meg, med di du ikkje drap meg då Herren hadde gjeve meg i ditt vald.

20Kvar er den mannen som kjem yver uvenen sin og let han fara sin veg i fred? Herren løne deg for denne dagen - for det du hev gjort mot meg!

21Eg veit alt at du skal verta konge og halda kongedømet yver Israel fast i di hand.1 Sam 23,17

22Sver meg då no ved Herren at du ikkje vil rydja ut etterkomarane mine og ikkje strjuka ut namnet mitt or farsætti mi!

23Det svor David på. So for Saul heim att, og David og mennene hans steig upp til fjellborgi.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help