Habakkuk 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Habakuk klagar for Herren yver den urettvisa og den valdsferd som alt i lang tid hev rådt hjå jødefolket, og ber fram det ynsket at Herren no endeleg må leggja seg frami, 1-4. Herren svarar han at han vil lata kaldearane, det mektige og hjartelause folket, koma yver det, 5-11. Profeten ottast at folket hans skal verta reint tynt av dei ovmodige og ugudlege kaldearane, og bed Herren setja ei grensa for deira hjartelause og nådelause framferd mot folki, 12-17.

1Dette er den framsegni som profeten Habakuk skoda.

2Kor lenge, Herre, skal eg ropa, og du høyrer ikkje? Eg skrik til deg um vald - og du hjelper ikkje.

3Kvi let du meg skoda urett, og korleis kann du sjølv sjå på slik naud? Øyding og valdsverk hev eg for augo; kiv vert yppa og trettor kjem upp.

4Difor er lovi maktlaus, og retten når aldri fram; for ugudlege ringar inne den rettferdige, difor kjem retten fram rengd.

14Du hev fare med menneski som med havsens fiskar, som med kreket som ingen herre hev.

16Difor ofrar dei til noti si, brenner røykjelse for garnet sitt, for dei gjev dei deira feite lut og mergfulle mat.

17Men skal dei difor framleides få tøma si not og stødt og stendigt drepa folkeslag utan skånsel?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help