Rut 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Mannen åt No'omi hadde ein skylding som heitte Boas; Rut kjem og vil sanka aks på åkeren hans; Boas talar blidt til henne og segjer til skurdfolket at dei skal late henne sanka i fred og ikkje gjera henne noko til meins, 1-17. Rut kjem attende til byen og fortel No'omi korleis det hev gjenge; ho held fram og sankar aks på åkeren åt Boas, 18-23.

1No'omi hadde ein kjenning som var skyld mannen hennar, ein rik mann av ætti hans Elimelek; han heitte Boas.

2Ein dag sa Rut, Moab-kvinna, til No'omi: Lat meg ganga ut på åkeren og sanka aks etter einkvar som syner at han vil meg vel! Ho svara: Ja, gakk du, dotter mi!

21Og Rut, moabitkvinna, sa: Han sa og til meg: Haldt deg åt folki mine til dei hev gjort frå seg all skurden min.

22Då sa No'omi til Rut, sonekona si: Det er godt, dotter mi, at du fylgjest med gjentone hans; på ein annan åker kunde dei snart ha gjort deg eitkvart til meins.

23So heldt ho seg åt gjentone hans Boas og sanka aks til både byggskurden og kveiteskurden var ende. Men ho budde hjå vermor si.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help