1Gjeng du på rov for løvebinna, og mettar du ungløvone,
2når dei dukkar seg i sine holor og ligg på lur i busk og kjørr?
14Kann du vel lita på han for hans store styrke, og kann du yverlata han ditt arbeid?
15Trur du han til å føra grøda heim og samla henne til din treskjestad?
16Struss-hoa flaksar kåt med sine venger, men viser vengene og fjøri morskjærleik?
17Nei, sine egg dei let ho jordi skøyta, og sanden er det som fær verma dei;
18ho gløymer at ein fot kann krasa dei, og villdyri på marki trø dei sund.
19Hardt fer ho åt med sine ungar, som var dei ikkje hennar eigne; at hennar strev skal vera fåfengt, det hev ho ingen otte for.
20For Gud hev neitta henne visdom og ikkje etla henne vit.
21Men når ho flaksar upp i veret, lær ho åt både hest og mann.
22Skal tru um du gjev hesten styrke og klæder halsen hans med mån?
23Let du han springa som ein grashopp? Skræmeleg er hans stolte frøsing.
24I marki skrapar han og gled seg i si kraft; so fer han fram mot væpna flokkar.
25Han lær åt otten, reddast ikkje og vender ikkje um for sverdet.
26Yver han skranglar pilehuset, det blenkjer kastespjot og langspjot.
27Med ofse riv han jordi upp, ustyrleg når stridsluren ljomar.
28Han kneggjar: Hui! når luren let, og verar striden langan leid, ljomande hovdingmål og herrop.4 Mos 10,9
29Er det vel vitet ditt å takka at hauken svingar seg i høgdi og spilar vengene mot sud?
30Er det av di du byd, skal tru, at ørnen stig so høgt til vers og byggjer reiret sitt i høgdi?Jer 49,16; Ob 1,4
31Han bur på berg og nattar der, på kvasse tind og høge nut.
32Der ovan ser han etter føda; hans augo skodar vidt ikring.
33Hans ungar slurpar i seg blod; der det finst lik, der er han og.Matt 24,28
34Og Herren heldt fram og svara Job og sa:
35Du som hev klandra den Allmektige, vil du no tretta med han? Du som hev lasta Gud, lyt svara meg på dette!
36Då svara Job Herren og sa:
37Nei, dertil er eg alt for ring; kva skulde eg vel svara deg? Eg legg mi hand på munnen min.Job 21,5; 29,9; Ordt 30,32; Mi 7,16
38Eg tala ein gong, men no tegjer eg - tvo gonger, men eg gjer det ikkje meir.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.