1So var det ei lang tid etter - det leid på tridje året - då kom Herrens ord til Elias, og det lydde so: Gakk av stad og te deg fram for Akab, so vil eg senda regn ned på jordi.Jak 5,18
2Då tok Elias i vegen og steig fram for Akab. Det var eit hard uår og stor naud i Samaria.
3Då kalla Akab Obadja, slottshovdingen sin, fyre seg. Obadja var ein mann som hadde stor age for Herren.
4Den gongen Jesabel rudde ut Herrens profetar, hadde han teke hundrad profetar og løynt dei i tvo hellerar, femti mann i kvar heller, og sytte for mat og drikke åt dei.
5No sa Akab til han: Far igjenom landet til alle kjeldor og bekker! Kann henda me då finn gras, so me kann halda liv i hestar og muldyr og ikkje tarv slakta noko av buskapen.
6So skifte dei landet millom seg, so kvar fekk sin lut å fara yver; Akab for på ei leid for seg og Obadja på ei onnor leid.
7Som no Obadja gjekk frametter vegen, fekk han sjå Elias som kom i mot han. Med det same han drog kjensel på han, kasta han seg å gruve og sa: Er det du, herre Elias?
8Han svara: Ja; gakk og seg til herren din: Elias er her.
9Då sa hin: Kva vondt hev eg gjort, sidan du vil gjeva tenaren din i hendene på Akab og lata han drepa meg?
10So visst som Herren din Gud lever: Det finst ikkje eit folk eller rike utan herren min hev sendt bod dit og spurt etter deg; når dei so svara at du ikkje var der, let han det riket og det folket gjera eiden på at dei ikkje hadde funne deg -
11og so segjer du: Gakk og seg herren din: Elias er her!
12Når eg no skils med deg, gjeng det vel so at Herrens Ande tek deg og fører deg burt til ein stad eg ikkje veit um; kjem eg so til Akab med bod frå deg, og han då ikkje finn deg, so drep han meg. Og tenaren din hev då ottast Herren alt ifrå ungdomen.
13Hev dei ikkje sagt deg, herre, kva eg gjorde då Jesabel drap Herrens profetar? Då løynde eg hundrad mann av dei i tvo hellerar, femti i kvar heller, og sytte for mat og drikka åt dei.
14Og no segjer du: Gakk og seg til herren din: Elias er her. Men då drep han meg!
15Då sa Elias: So visst som Herren, allhers Gud, lever, han som eg tener seint og tidleg: I denne dag skal eg te meg fram for Akab.
16So gjekk Obadja sin veg. Han møtte Akab og bar fram bodet; og Akab gjekk og i vegen, vilde møta Elias.
17Med det same Akab vart var Elias, sa han: Er du her, du som fører ulukke yver Israel?
18Elias svara: Det er ikkje eg som hev ført ulukke yver Israel, men du og ætti di, med di de hev vendt dykk frå Herrens bod og fylgt Ba'alane.1 Kong 16,31-34
19Men send no bod ikring og få heile Israel til å samla seg hjå meg på Karmelfjellet, og like eins dei fire hundrad og femti Ba'als-profetane og dei fire hundrad Astarte-profetane som gjeng til bords hjå Jesabel!
20So sende Akab bod ikring til alle Israels-borni og stemnde profetane i hop til Karmelfjellet.
21Då steig Elias fram for heile landslyden og sa: Kor lenge vil de halta til båe sidor? Er Herren Gud, so hald dykk til han, og er Ba'al Gud, so hald dykk til han! Men folket svara ikkje eit ord.Dom 6,31; Jos 24,15
22Då sa Elias til folket: Eg er den einaste som er att av Herrens profetar; men Ba'als-profetane er fire hundrad og femtimann.1 Kong 19,10
23Lat oss no få tvo uksar; so må dei velja seg den eine uksen, lema han sund og leggja han på veden, men dei må ikkje kveikja eld på; og eg skal laga til hin uksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld.
24Kalla so de på guden dykkar, so vil eg kalla på Herren, og den guden som då svarar med eld, han er det som er Gud. Då svara heile folket: Det var vel tala!
25So sa Elias til Ba'als-profetane: Vel dykk ein av uksane! De skal ofra fyrst, sidan de er dei fleste! Kalla so på guden dykkar, men kveik ikkje eld!
26So tok dei den uksen han hadde gjeve dei, og laga han til og kalla på Ba'al frå morgon til middags og ropa. Svar oss, Ba'al! Men det høyrdest ingi røyst; det var ingen som svara. - Medan hinka dei kringum altaret dei hadde reist.Hab 2,19
27Då det var middag vorte, tok Elias til å spotta dei og sa: Ropa høgare! Me veit han er Gud; men no sit han vel og tenkjer, eller han hev gjenge for seg sjølv eller er ute og ferdast; kann henda han søv - då vaknar han vel.5 Mos 32,37
28Då ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spjot, som dei hadde for vis, til blodet sila av dei.5 Mos 14,1
29Då det leid yver middag, tok dei til å rasa, so heldt dei på til burtimot det belet då matofferet vert frambore. Men det høyrdest ingi røyst; det var ingen som svara, og ingen som ansa dei.Sal 115,5-6
30Då sa Elias til folkemugen: Kom hit til meg! Og alt folket gjekk burtåt han. So sette han i stand Herrens altar, som var nedrive.
31Han tok tolv steinar etter talet på dei folkegreinene som var ætta frå sønene åt Jakob, han som Herren hadde tala desse ordi til: Israel skal du heita.Jos 4,5.20; 1 Mos 32,28; 35,10
32Av dei steinane bygde han eit altar i Herrens namn, og rundt ikring altaret gjorde han ei veit so stor at ho svara til ein åker som tok tvo mål sæde.
33Han la veden til rettes og lema sund uksen og la han ovanpå veden.
34So sa han: Fyll fire krukkor med vatn og aus det ut yver brennofferet og veden! Og han sa: Gjer det ein gong til! So gjorde dei det andre gongen. Då sa han: Gjer det endå ein gong! So gjorde dei det tridje gongen.
35Vatnet rann rundt ikring altaret. Jamvel veiti fyllte han med vatn.
36Ved det belet matofferet vert frambore, steig Elias, profeten, fram og sa: Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det verta kunnigt i dag at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg hev gjort alt dette!
37Svara meg, Herre, svara meg, so dette folket kann sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarta deira attende åt deg!
38Då for Herrens eld ned og øydde både brennofferet og veden og steinane og moldi, og sleikte upp vatnet som var i veiti.3 Mos 9,24; 2 Krøn 7,1
39Då folket såg det, kasta dei seg å gruve og ropa: Det er Herren som er Gud! Det er Herren som er Gud!Sak 13,9
40So sa Elias til dei: Tak Ba'als-profetane! Lat ingen av dei få sleppa undan! Då tok dei Ba'als-profetane, og Elias sa: Før dei ned til Kisonbekken og drep dei!5 Mos 13,5; 2 Kong 10,25
41Sidan sa Elias til Akab: No kann du ganga upp og få deg mat og drikke; for eg høyrer susen av regnet.
42Då gjekk Akab upp og heldt måltid. Og Elias steig upp på toppen av Karmel og bøygde seg nedåt jordi med andletet millom knei.
43So sa han til sveinen sin: Gakk upp, du, og sjå ut mot havet! Sveinen gjekk upp og såg utyver, men sa: Det er ingen ting å sjå. Sju gonger sa Elias: Gakk upp att!
44Sjuande gongen sa sveinen: Eg ser ei lita sky som stig upp or havet; ho er på storleik med neven på ein mann. Då sa Elias: Gakk upp og seg til Akab: Spenn fyre og køyr heim, so ikkje regnet skal hefta deg!
45So var det ikkje eit lite bel fyrr himmelen svartna til med skyer og storm, og det tok til å stridregna. Akab steig upp i vogni si og køyrde til Jisre'el.Jak 5,18
46Og Herrens hand kom yver Elias; han batt beltet ikring livet og sprang fyre Akab heilt til Jisre'el.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.