Salmane 85 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Songaren bed at Herren, som fyrr hev vore nådig mot folket sitt og berga det or stor naud, no og må koma det til hjelp med sin nåde og berga det i den store trengsla som det alt lenge hev vore i, 2-8. Til svar på denne bøni fær han den lovnaden av Herren at han vil gjeva dei som ottast han, sin sanne lyd, ei ovnøgd med åndeleg og timeleg signing, 9-14. - Denne lovnaden hev fenge og fær si fulle uppfylling i Kristi kyrkjelyd.

1Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.

2Herre, du hev fyrr vore nådig mot landet ditt, du gjorde ende på Jakobs fangekår.

3Du tok burt ditt folks misgjerning, du breidde yver all deira synd. Sela.Sal 32,1

4Du tok burt all din harm, du let din brennande vreide venda um.

5Vend um til oss, vår Frelse-Gud, og gjer ende på din uvilje imot oss!

6Vil du æveleg vera vreid på oss? Vil du lata din vreide vara frå ætt til ætt?Sal 77,8

7Vil ikkje du gjera oss levande att, so ditt folk kann gleda seg i deg?

8Herre, lat oss sjå di miskunn, og gjev oss di frelsa!

9Eg vil høyra kva Gud Herren talar; for han talar fred til sitt folk og til sine trugne - berre dei ikkje vender um att til dårskap.

10Ja, hans frelsa er nær dei som ottast han, so herlegdom skal bu i vårt land.Sal 145,18

11Nåde og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre.Sal 72,3

12Sanning skal renna upp av jordi, og rettferd skoda ned frå himmelen.Jes 45,8

13Herren skal og gjeva det som godt er, og vårt land skal gjeva si grøda.3 Mos 26,4; Sal 67,7

14Rettferd skal ganga fyre han og stendigt fylgja i fari hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help