2. Samuelsbok 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren sender Natan, profeten, til David; Natan held fram for han - fyrst i ei likning, sidan med greide ord - den store syndi han hev gjort, og varslar han tunge straffedomar for hans misgjerning skuld; David sannar syndi si, 1-14. Herren let det koma sjukdom på det barnet som Batseba hev fenge; David fastar og bed for det, men so snart han høyrer det er slokna, slær han seg til tols. Han fær sonen Salomo med Batseba, 15-25. Joab bed David koma sjølv og taka Rabba; David gjer so; han straffar ammonitane hardt, 26-31.

1So sende Herren Natan til David; og han gjekk fram for kongen og sa: Her var tvo menner som budde i same bygdi; den eine var rik, og den andre fatig.

2Den rike hadde sauer og naut i flokketal;

3den fatige åtte ikkje anna enn eit einaste lite lamb, som han hadde kjøpt og ale; det voks upp hjå han saman med borni hans - åt av hans mat og drakk av hans skål og låg i hans fang og var som ei dotter for han.

4Ein dag kom det ein vegfarande mann til rikingen. Men han nentest ikkje taka nokon av sauene eller uksane sine og laga til åt ferdamannen som var komen til han - han tok lambet som armingen åtte, og laga det til åt gjesten.

5Då vart David brennande harm på den mannen, og han sa til Natan: So visst som Herren lever: Den mannen som det hev gjort, skal lata livet,

6og lambet skal han gjeva lika for fire gonger, sidan han for so ulikleg åt og var so hjartelaus.

25og sende bod med Natan, profeten, som gav han namnet Jedidja, for Herrens skuld.

26Medan gjorde Joab åtak på Rabba i Ammonitarlandet og tok kongsbyen.

29Då drog David i hop alt herfolket og for til Rabba; og han gjorde stormlaup på byen og tok han.

30Han tok kruna åt kongen deira frå hovudet hans; ho var av gull og vog eit talent og var prydd med ein glimestein; no kom ho på Davids hovud. Uhorveleg mykje herfang tok han i byen og hadde det med seg heim.

31Folket som budde der, førde han ut og la dei under sager og treskjesledar av jarn og jarnøksar og let dei ganga gjenom tigl-omnar. So gjorde han med alle ammonitarbyane. Sidan for han med alt herfolket heim att til Jerusalem.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help