1Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremias um heidningefolki.
2Um Egyptarland. Um heren åt Farao Neko, egyptarkongen, som stod burtmed Eufratelvi, attmed Karkemis, og som Nebukadnesar, Babel-kongen, vann yver i det fjorde året av Jojakim Josiassons kongedøme i Juda.
16Han fær mange til å snåva, ja, den eine dett uppå hin, og dei segjer: Upp og lat oss fara heim att til vårt folk og fødeland, undan det herjande sverdet!
19Reid deg du til å fara i utlægd, du Egyptarlands dotter som bur i landet! For Memfis skal verta ei audn, verta øydd, so ingen kann bu der.
23Dei høgg ned hennar skog, segjer Herren; for han er ikkje til å finna seg fram igjenom; dei er fleire enn engsprettone, det er ikkje tal på dei.
24Egyptarlands dotter vert til skammar; ho vert gjevi i hendene på eit folk ifrå nord.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.