1Når det stig fram ein profet millom dykk, eller ein som hev draumsyner, og han spår deg eit teikn eller under
2og segjer: Lat oss fylgja andre gudar - gudar som du ikkje kjenner - og dyrka dei! og det hender, det som han spådde,
3so lyd ikkje etter kva slik ein profet eller draumsjåar segjer; for Herren dykkar Gud vil berre røyna dykk og sjå um de elskar han av alt dykkar hjarta og all dykkar hug.
4Herren dykkar Gud skal de fylgja, og han skal de ottast; hans bod skal de akta på, og hans ord skal de høyra; han skal de tena, og han skal de halda dykk til.5 Mos 10,20
5Og denne profeten eller draumsjåaren skal lata livet, for di han talde dykk til å falla frå Herren dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet og fria deg ut or slavehuset, og for di han vilde lokka deg burt frå den vegen som Herren din Gud hev sagt du skal ganga. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.5 Mos 18,20
6Um bror din, son åt di eigi mor, eller son din eller dotter di eller kona di som du held i fanget, eller venen din, som du hev so kjær som di eigi sjel - um nokon av desse lokkar deg i løynd og segjer: Lat oss ganga av og dyrka andre gudar! - gudar som du ikkje kjenner, og federne dine aldri hev kjent,
7ein av gudane åt dei folki som bur rundt ikring dykk, tett innmed eller langt undan, frå den eine enden av jordi til hin -
8so skal du ikkje fara etter han og ikkje høyra på han; du skal ikkje spara han og ikkje tykkja synd i han og ikkje dylja brotet hans,
9men du skal drepa han; sjølv skal du vera den fyrste som lyfter handi mot han, og sidan skal heile folket gjera det same.5 Mos 17,2-7
10Du skal steina han i hel, for di han freista å lokka deg burt frå Herren din Gud, som førde deg utor Egyptarlandet, or slavehuset.
11Og heile Israel skal høyra det og reddast, so dei aldri meir vert gjort so stygg ei synd millom dykk.
12Høyrer du dei segjer um nokon av dei byane som Herren din Gud gjev deg til å bu i:
13Det hev stige fram gudlause menner millom dykk, og dei hev fenge folket i byen sin til å dyrka andre gudar - gudar som de ikkje kjenner -
14so skal du granska og røkja etter og spyrja deg vel fyre, og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at det hev vore gjort slikt skjemdarverk hjå dykk,
15so skal du bannstøyta den byen han og alt som i han er, og hogga ned både folk og fe.
16Alt herfanget du tek der, skal du samla i hop midt på torget, og brenna upp både det og byen til eit heiloffer åt Herren din Gud, og sidan skal byen for alle tider vera ein grushaug og må aldri byggjast upp att.
17Du må ikkje halda att noko av det som er bannstøytt; då skal Herren stagga sin brennande vreide og gjeva deg nåde og syna deg miskunn og auka ætti di, som han lova federne dine -5 Mos 7,25-26
18so sant du lyder Herren din Gud og aktar på alle bodi hans, dei som eg ber fram for deg i dag, og gjer det som rett er i hans augo.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.