1Då sende kongen bod etter alle styresmennene i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hjå han.
5Han sette av dei prestane som Juda-kongane hadde sett inn, og som brende røykjelse på haugane i Judabyane og rundt ikring Jerusalem, og like eins dei som brende røykjelse for Ba'al, for soli og månen og stjernebileti i dyreringen og heile himmelheren.
6Han hadde Astarte-biletet ut or Herrens hus og sende det ut or Jerusalem, til Kidronsdalen, og der - i Kidronsdalen - brende han det upp og mol det til dust, og dusti kasta han burt på ålmugegravene.
7Han reiv ned husi åt dei som hadde vigt seg til skjøkjelivnad og slege seg ned tett innmed Herrens hus; det var dei same husi som kvinnone sat og vov småtjeld i for Astarte.
8Han flutte alle prestane inn frå Judabyane og gjorde dei haugane ureine der prestane hadde brent røykjelse; so gjorde han alt ifrå Geba og ende til Be'erseba. Porthaugane reiv han ned, både den som låg utmed porten åt Josva, byhovdingen, og den som låg til vinstre ved byporten.
9Offerhaug-prestane fekk ikkje ofra på Herrens altar i Jerusalem, men dei fekk eta usyrt brød saman med brørne sine.
10Han gjorde Tofet i Hinnomssonsdalen ureint, so ingen skulde lata son sin eller dotter si ganga gjenom elden for Molok.
11Han fekk burt dei hestane som Juda-kongane hadde vigt til soli og sett attmed inngangen til Herrens hus, burtimot kammerset åt hirdmannen Netan-Melek i Parvarim; solvognene brende han upp.
12Altari som stod på taket yver høgeloftet åt Akas, og som Juda-kongane hadde reist, og dei altari som Manasse hadde reist i båe fyregardane til Herrens hus, reiv kongen ned; han slo dei sund og hadde dei burt og kasta gruset i Kidronsbekken.2 Kong 11,18; 2 Krøn 30,14
13Dei offerhaugane som låg midt imot Jerusalem på høgre sida av Tyningsfjellet, og som Salomo, Israels konge, hadde bygt for Astarte, styggedomen åt sidonarane, og for Kamos, styggedomen åt Moab, og for Milkom, den avstyggelege avguden åt Ammons-borni, dei gjorde kongen ureine.1 Kong 11,7-8
14Han braut sund minnesteinane og hogg ned Astarte-bileti og fyllte tufti dei hadde stade på, med mannebein.
15Sameleis altaret i Betel, offerhaugen som Jeroboam Nebatsson hadde bygt - han som fekk Israel til å synda - ogso det altaret og den offerhaugen reiv han ned; han brende upp haugen og mol han til dust; like eins brende han upp Astarte-biletet.1 Kong 12,32
16Som no Josias snudde seg, vart han var gravene som låg der på fjellet. Då sende han folk av stad og let henta beini or gravene og brende dei på altaret; soleis gjorde han altaret ureint. Det gjekk som Herren hadde sagt, og som gudsmannen hadde ropa ut - han som ropa ut at dette skulde henda.1 Kong 13,1-6
17So spurde kongen: Kva er det for ein gravstein eg ser der burte? Bymennene svara: Det er gravi åt den gudsmannen som kom frå Juda og ropa ut yver altaret i Betel at det skulde henda som du no hev gjort.1 Kong 13,30-34
18Då sa kongen: Lat han kvila i fred! Ingen må flytja beini hans! So let dei beini hans vera i fred og sameleis beini åt den profeten som var komen frå Samaria.
19Josias rudde burt alle offerhaug-husi i Samariabyane og, dei som Israels-kongane hadde bygt og harma Herren med, og han for i alle måtar like eins åt med dei som han hadde gjort i Betel.
20Alle offerhaug-prestane som fanst der, let han drepa på altari og brende mannebein på dei. So for han heim att til Jerusalem.
21Kongen sende ut det bodet til heile folket: Haldt påskehøgtid for Herren dykkar Gud, soleis som det er fyreskrive i denne paktboki!2 Krøn 35,1-10
22For ei sovori påskehelg hadde ikkje vorte haldi sidan den tid då domarane styrde Israel - ikkje i all den tid det rådde kongar yver Israel og Juda.2 Krøn 35,18
23Det var fyrst i attande året av kongedømet åt Josias at ei sovori påskehelg vart haldi for Herren i Jerusalem.
24Attåt alt anna som Josias gjorde, rudde han ut dei som for med å mana fram daudingar og spåvette, og husgudane og dei ufysne avgudane og alle dei andre styggetingi som hadde vore å sjå i Judalandet og i Jerusalem; for han vilde halda lovbodi som stod skrivne i den boki Hilkias, presten, hadde funne i Herrens hus.
25Det hadde aldri fyrr vore nokon konge som han, nokon som soleis hadde vendt seg til Herren av alt sitt hjarta og all sin hug og all sin styrke og halde alt som Mose-lovi krev, og aldri stod det fram maken hans sidan heller.2 Kong 18,5
26Like vel gav ikkje Herren upp den store og brennande harmen sin - den harmen som brann i han mot Juda for alle dei syndene skuld som Manasse hadde vakt vreiden hans med.2 Kong 21,3-18
27Herren sa: Eg vil skuva Juda og burt ifrå meg, liksom eg skuva burt Israel, og eg vil vanda denne byen som eg valde ut, Jerusalem, og det huset som eg sa at namnet mitt skulde bu i.2 Kong 17,18; 1 Kong 8,29; 9,3
28Det som meir er å segja um Josias og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.
29I hans tid gjorde Farao Neko, kongen i Egyptarland, ei herferd mot kongen i Assyria - til Fratelvi. Kong Josias drog imot han, men Neko felte han ved Megiddo med same han fekk sjå han.2 Krøn 35,20-27
30Mennene hans køyrde den falne kongen sin burt frå Megiddo og førde han til Jerusalem; der sette dei han ned i gravi hans. Og landslyden tok og salva Joakas, son åt Josias, og kåra han til konge etter faren.2 Krøn 36,1-3; Jer 22,11
31Joakas var tri og tjuge år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i tri månader. Mor hans heitte Hamutal; ho var dotter åt Jirmeja og var frå Libna.2 Kong 24,18
32Han gjorde det som Herren mislika, heiltupp liksom federne hans.
33Farao Neko la han i lekkjor i Ribla i Hamatlandet, etter han hadde vorte konge i Jerusalem, og kravde av landet ei bot på hundrad talent sylv og eit talent gull.Esek 19,4
34So sette Farao Neko Eljakim, son åt Josias, til konge etter Josias, far hans, og brigda namnet hans til Jojakim. Joakas tok han med seg til Egyptarland, og der døydde han.Jer 22,12
35Jojakim reidde ut sylvet og gullet til Farao; men han laut likna ut ein skatt på landet, so han kunde svara den summen Farao kravde. Kvar mann laut leggja det han var likna i. Soleis dreiv Jojakim inn både sylvet og gullet hjå landslyden, og greidde det so ut til Farao Neko.2 Kong 15,20
36Jojakim var fem og tjuge år då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebida; ho var dotter åt Pedaja og var frå Ruma.
37Han gjorde det som Herren mislika, heiltupp liksom federne hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.