1Lat upp portane dine, Libanon, so elden kann øyda sedertrei dine!
2Jamra deg, du cypress, for sederen er fallen, dei herlege trei avøydde! Jamra dykk, de Basan-eiker, for tjukkaste skogen er felt!
3Høyr kor hyrdingane jamrar for di deira herlegdom er lagd i øyde! Høyr kor dei unge løvone burar for di Jordans prydnad er herja!
4So sa Herren min Gud: Røkta slaktesauene!
5Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, segjer: Lova vere Herren! eg vert då rik! Og hyrdingane deira sparer dei ikkje.
6For no vil eg ikkje meir spara folket i landet, segjer Herren; men eg vil lata menneski falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen sin, og dei skal øyda landet, og eg vil ikkje berga nokon or deira vald.
7So tok eg til å røkta slaktesauene, jamvel dei ringaste av sauene; og eg tok meg tvo stavar, den eine kalla eg «hugnad», og den andre kalla eg «band». Eg gjætte då sauene,
8og eg gjorde dei tri hyrdingane til inkjes på ein månad. Eg vart leid av dei, og dei lika ikkje meg heller,
9og so sa eg: Eg vil ikkje lenger vera hyrdingen dykkar. Lat dei døy som vil døy, og lat det øydast som vil øydast, og dei som vert att, fær eta kvarandre upp!
10So tok eg staven min «hugnad» og braut han sund til å løysa upp pakti som eg hadde gjort med alle folki.Hos 2,18
11Og ho vart gjord til inkjes same dagen; og då fekk dei sanna dei arme sauene som ansa på meg, at det var Herrens ord.
12Sidan sa eg til dei: Um de so synest, so gjev meg løni mi, og synest de ikkje det er verdt, so lat det vera! Då vog dei upp tretti sylvpeningar til løn åt meg.2 Mos 21,32; Matt 26,15
13Då sa Herren til meg: Sleng han burt til krusmakaren, den herlege prisen som dei hev verdsett meg til! Og eg tok dei tretti sylvpeningane og kasta dei inn i Herrens hus, burt til krusmakaren.Matt 27,9-10
14So braut eg sund den andre staven min, «band», til å løysa upp brorskapen millom Juda og Israel.
15Og Herren sa til meg: Tak deg no atter ein stav - staven åt ein skarvehyrding!
16For sjå, eg let ein hyrding standa fram i landet, ein som ikkje bryr seg um dei sauene som er ved og skal forkomast, ikkje leitar etter dei burtkomne, ikkje heilar dei brotne og ikkje syter for dei friske; men kjøtet av dei feite et han, og klauvene deira bryt han sund.Esek 34,2-10; Mi 3,3
17Usæl skarvehyrdingen, som svik sauene! Sverd yver armen hans og yver høgre auga hans! Armen hans skal visna burt og høgre auga hans verta blindt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.