1. Samuelsbok 26 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Sif-buane forråder David andre gongen; Saul set etter han med 3.000 mann; Herren let ein tung svevn koma på Saul og folki hans; David tek burt spjotet og vasskrukka hans, men forbyd Abisai å drepa han, 1-12. David lastar Abner for di han ikkje hev halde vakt yver kongen sin; han klagar på Saul for di han forfylgjer han; Saul sannar at han hev fare gale åt; dei skilst, 13-25.

1Sidan kom Sif-buane til Saul i Gibea og sa: Veit du at David held seg løynd på Kakilahaugen, beint imot øydemoen?1 Sam 23,19

2Då tok Saul ut og for ned til Siføydemarki og vilde leita etter David der, og med han var tri tusund mann, som han hadde valt ut or heile Israel.1 Sam 24,3

3Han lægra seg på Kakilahaugen, beint imot øydemoen, frammed vegen. David heldt seg i øydemarki, og då han skyna at Saul var komen etter han dit,

4sende han ut speiarar og fekk vita for visst at Saul var komen.

5So tok han ut og kom til den staden der Saul hadde lægra seg, og såg kvar han og Abner Nersson, herhovdingen hans, hadde lagt seg til ro; sjølv låg Saul i vognborgi, og herfolket hadde lægra seg rundt ikring han.

6Då tok David til ords og sa til Akimelek, hetiten, og til Abisai, son åt Seruja og bror åt Joab: Kven vil vera med meg ned i lægret, til Saul? Abisai svara: Eg vil vera med deg.

7Då det leid ut på natti, og David og Abisai kom burtåt heren, fekk dei sjå at Saul låg og sov i vognborgi; han hadde stunge spjotet i marki uppmed hovudgjerdi, og Abner og herfolket låg rundt ikring han.

8Då sa Abisai til David: I dag hev Gud gjeve uvenen din i ditt vald. Lat meg no få renna spjotet gjenom han og ned i marki; det gjer eg med ein støyt, eg treng ikkje gjeva han fleire.1 Sam 24,5; 2 Sam 16,9

9Men David svara: Drep han ikkje! Kven la strafflaust hand på den som Herren hadde salva?

10So sa David: So visst som Herren lever: Herren skal sjølv råma han, anten no timen hans kjem, so han døyr, eller han fer i herferd og fær banen sin.Rom 12,19

11Herren frie meg frå å leggja hand på den som Herren hev salva! Men gjer no vel og tak spjotet, som stend uppmed hovudgjerdi hans, og vasskrukka, og lat oss so ganga vår veg!

12So tok David spjotet og vasskrukka burt frå hovudgjerdi hans Saul, og dei gjekk sin veg; og det var ingen som såg det, og ingen som vart var dei, og ingen som vakna - dei sov alle saman; for Herren hadde late ein tung svevn koma på dei.

13Sidan gjekk David yver på hi sida av dalen og stod på ein fjellknaus langt burte - det var eit godt stykke veg millom dei -

14og han ropa burt til herfolket og til Abner Nersson: Svarar du ikkje, Abner? Abner svara: Kven er du som ropar hityver til kongen?

15Då sa David til Abner: Visst er du ein gjæv mann; det finst ikkje din like i Israel! Kvifor hev du då ikkje vakt yver Herren din, kongen? Det hev vore ein hermann inne og vilja drepe kongen, herren din.

16Det er ikkje godt det du hev gjort. So visst som Herren lever: De var verde å lata livet, av di de ikkje hev vakt yver herren dykkar, han som Herren hev salva. Sjå no etter kvar spjotet åt kongen er, og vasskrukka som stod uppmed hovudgjerdi hans!

17Saul kjende att målet hans David og sa: Er det ditt mål eg høyrer, David, son min? David svara: Ja, herre konge!1 Sam 24,17

18Og han sa: Kvifor forfylgjer du tenaren din soleis, herre? Kva hev eg gjort, og kva vondt er i mi hand?

19Høyr no, herre konge, på det eg segjer: Er det Herren som hev eggja deg upp imot meg, so blidka han med eit offer! Men er det menneske, so vere dei bannstøytte for Herrens åsyn, for di dei no hev drive meg burt, so eg ikkje fær bu i Herrens eige land - dei segjer: Gakk din veg og dyrka andre gudar!

20Og lat no ikkje blodet mitt verta utrent langt burte frå Herrens åsyn, sidan Israels konge hev drege ut og leitar etter ei loppa, liksom dei jagar ei åkerhøna i fjellet.1 Sam 24,15

21Då sa Saul: Eg hev synda. Kom heim att, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir, sidan du heldt livet mitt so dyrt i dag. No ser eg at eg hev bore meg uvitugt åt og fare fælande vilt.

22David svara: Sjå her er spjotet ditt, konge! Lat ein av sveinane dine koma hityver og henta det!

23Herren løner meg nok for mi rettferd og min truskap. Det var Herren som gav deg i mine hender i dag; men eg vilde ikkje leggja hand på den han hev salva.

24Og like gjævt som eg heldt ditt liv i dag, like gjævt vil Herren halda mitt liv, so han friar meg ut or all naud.

25Då sa Saul til David: Gud velsigne deg, David, son min! Alt du tek deg fyre, skal du og vera god til å greida. So for David sin veg, og Saul drog heim att.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help