1Eg elskar Herren, for han høyrer mi røyst, mine hjartebøner.Sal 18,2
2For han hev halla sitt øyra til meg, og alle mine dagar vil eg kalla på han.
3Daudsens reip hadde spent seg um meg, helheims redslor hadde funne meg; naud og sorg fann eg.Sal 18,5-12
4Men eg kalla på Herrens namn: Å Herre, berga mi sjel!
5Herren er nådig og rettferdig, og vår Gud er miskunnsam.Sal 86,5; 103,8
6Herren varar dei einfalde; eg var ein arming, og han frelste meg.
7Kom attende, mi sjel, til di ro! For Herren hev gjort vel imot deg.Sal 42,6; 62,2-5
8For du fria mi sjel frå dauden, mitt auga frå gråt, min fot frå fall.Sal 56,14
9Eg skal ferdast for Herrens åsyn i landi åt dei levande.
10Eg trudde, for eg tala; eg var i stor plaga.2 Kor 4,13
11Eg sa i min reddhug: Kvar mann er ein ljugar!Sal 118,8; Rom 3,4
12Kva skal eg gjeva Herren att for alle hans velgjerningar imot meg?
13Eg vil lyfta frelse-staupet og kalla på Herrens namn.
14Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk.Sal 22,26
15Dyr er i Herrens augo dauden åt hans heilage.Sal 72,14
16Å Herre! Eg er din tenar, veit du, eg er din tenar, son åt di tenestkvinna; du hev løyst mine band.
17Til deg vil eg ofra takkoffer, og Herrens namn vil eg påkalla.Sal 66,13-15
18Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk,
19i fyregardane til Herrens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.