1. Samuelsbok 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Filistarane set Herrens kista i Dagonstemplet i Asdod; avgudsbiletet vert øydelagt, og Herren heimsøkjer folket med sott, 1-6. Dei sender kista frå Asdod til Gat og frå Gat til Ekron; kvar ho kjem, råmar Herrens hand folket, 7-12.

1Filistarane tok Guds kista og førde henne frå Eben-Eser til Asdod.

2Der tok filistarane og bar Guds kista inn i Dagons hus og sette henne jamsides med Dagon.

3Tidleg andre dagen fekk Asdod-buane sjå at Dagon låg å gruve på golvet framanfor Herrens kista. Dei tok han og sette han på staden sin att.

4Tidleg morgonen etter kom dei att og fann Dagon liggjande å gruve på golvet framanfor Herrens kista, og hovudet hans og båe hendene låg avhogne på dørstokken; berre bulen var att av Dagon.

5Difor er det Dagons-prestane og alle andre som gjeng inn i Dagons hus i Asdod, aldri stig på Dagons dørstokk; so er det endå i dag.

6Herrens hand låg tungt på Asdod-folket; han tynte dei og søkte dei med svullsott, både i sjølve Asdod og i bygdene rundt ikring.

7Då Asdod-mennene såg korleis det gjekk, sa dei: Kista åt Israels Gud skal ikkje vera hjå oss lenger; for handi hans råmar oss hardt, både oss og Dagon, guden vår.

8So sende dei bod ikring og stemnde til seg alle filistarhovdingane og spurde: Kva skal me gjera med kista åt Israels Gud? Dei svar: Ho lyt flytjast til Gat. So flutte dei henne dit.1 Sam 6,2

9Men då dei vel hadde flutt henne, råma Herrens hand byen og valda ei ovstor redsla; han søkte folket i byen med sott, so det braut ut svullar både på små og store.

10Då sende dei Guds kista til Ekron; men då ho kom dit, skreik Ekron-buane yver seg og sa: No hev dei flutt kista åt Israels Gud hit til meg og vil drepa meg og folket mitt.

11So sende dei bod ikring og stemnde i hop alle filistarhovdingane og sa: Send kista åt Israels Gud burt, og lat henne koma attende på rette staden sin! Elles kjem ho til å drepa meg og folket mitt. For det var komi ei dauderedsla yver heile byen; Herrens hand låg ovtung på han.

12Dei mennene som ikkje døydde, vart ille plaga av svullar, og naudropet frå byen steig upp til himmelen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help