1Då bad Hanna og sa: Hjarta mitt frygdar seg i Herren, høgreist er hornet mitt i Herren; eg opnar munnen vidt mot fiendane mine, for di eg fegnast for frelsa di.
26Men guten Samuel voks og mannast og vann godhug både hjå Herren og hjå menneske.Luk 2,40.52
27Då kom det ein gudsmann til Eli og sa til han: So segjer Herren: Openberra eg meg ikkje for ætti åt far din, då dei var i Egyptarland og laut træla for Faraos hus?
28Millom alle Israels ætter valde eg han til å vera prest for meg, til å ofra på altaret mitt og brenna røykjelse og bera messehakel for mi åsyn, og eg gav farsætti di alle eldofferi frå Israels-borni.3 Mos 10,12-20
29Kvifor trakkar de då på slaktofferet og matofferet mitt, dei offeri som eg hev skipa til i min bustad? Og du ærar sønene dine meir enn meg, med di de gjøder dykk med det beste av alle dei offergåvor som Israel, folket mitt, ber fram.
30Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud, so: Vel hev eg sagt: Di ætt og ætti åt far din skal ferdast for mi åsyn i all æva. Men no lyder Herrens ord so: Nei, langt av den leid! Dei som ærar meg, vil eg æra, og dei som vanvyrder meg, skal verta til skammar.2 Mos 28,1; Joh 12,26; Mal 2,9
31Sjå, det skal koma ei tid då eg høgg av armen din og armen åt farsætti di, so ingen i ætti di skal verta gamal.1 Kong 2,27
32Og du skal sjå Guds bustad i naud, endå so mykje godt han gjer mot Israel, og det skal aldri finnast nokon gamal i ætti di.
33Like vel vil eg ikkje rydja burt kvar mann av ætti di frå altaret mitt, so eg sløkkjer ut augo dine og let sjeli di talmast; men alle som veks upp i ditt hus, skal døy i sine manndomsår.
34Og til merke på dette skal du hava det som kjem til å råma sønene dine, Hofni og Pinehas: Dei skal båe døy på ein dag.1 Sam 4,11
35Eg vil reisa meg upp ein trugen prest, som gjer etter min hug og vilje; åt han vil eg byggja eit traust hus, og han skal alltid ferdast for augo åt den eg hev salva.1 Kong 2,27.35; 1 Krøn 29,22
36Då vil det ganga so at kvar ein som er att av ætti di, kjem og kastar seg å gruve for han og bed um ein sylvskilling eller ein brødleiv og segjer; Kjære vene, set meg i eit av presteembeti, so eg kann få ein bete mat å eta!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.