1Til songmeisteren; etter «Liljor»
2Du Israels hyrding, vend øyra til, du som fører Josef som ei hjord! Du som tronar yver kjerubane, syn deg herleg!Sal 99,1; Jes 37,16
3Vekk upp ditt velde for Efra'im og Benjamin og Manasse, og kom oss til hjelp!
4Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlet lysa, so me vert frelste!4 Mos 6,25
5Herre, Gud, Allhers Gud, kor lenge hev du late din vreide rjuka og ikkje ansa bøni frå folket ditt!
6Du hev gjeve dei tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål.
7Du gjer oss til eit trettemål for våre grannar, og våre fiendar spottar med lyst.Sal 44,14; 79,4
8Gud, allhers Gud, reis upp att, og lat ditt andlet lysa, so me vert frelste!
9Eit vintre flutte du frå Egyptarland, du dreiv heidningar ut og planta det.1 Mos 49,22; Jes 5,1-7; 27,2-6; Sal 44,3; 78,55
10Du rudde rom for det, og det feste rot og fyllte landet.
11Fjell vart løynde av skuggen frå det, og Guds sedrar frå greinene.
12Det strekte sine greiner ut til havet og sine renningar burt imot elvi.2 Mos 23,31; 5 Mos 11,24
13Kvi hev du rive ned gardane ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det?Sal 89,41-42
14Svinet frå skogen gneg på det, og dyri på marki beitar i det.
15Gud, allhers Gud, vend um att, skoda ned frå himmelen og sjå og hav umsut for ditt vintre,
16og verna um det som di høgre hand hev planta, og um den som du hev valt deg ut!2 Mos 4,22
17Det er brent med eld, det er avhogge; for trugsel frå ditt andlet gjeng dei til grunns.
18Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskesonen som du hev valt deg ut,
19so vil me ikkje vika frå deg! Gjer oss levande att, so vil me kalla på ditt namn!
20Herre, Gud, allhers Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlet lysa, so me vert frelste!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.