Job 19 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Job klagar av di venene hans stendigt krenkjer han med skuldingar for brot som i alle høve fekk vera hans eigi sak, og som dei ikkje kann prova, 1-5. Han er ikkje sjølv skuld i ulukka si, men ho kjem av at Gud hev vore urettferdig mot han. Gud hev ikkje ansa klageropi hans, men kringsett han med lidingar som han ikkje kann koma ut or, teke æra og lukka og voni hans frå han og i sin harm late ein her av trengslor storma inn på han, 6-12. Alle frendane og kjenningane hans hev gjenge ifrå han; husfolket hans viser han stor vanvyrdnad; kona og brørne og venene hans styggjest ved han; jamvel born vanvyrder han; han hev ikkje att anna enn den uttærde lekamen sin, 13-20. I si store naud bed han fyrst venene sine hava medynk med han - mannen som Gud forfylgjer, 21.22. Av di han veit at denne bøni er fåfengd, ber han fram det ynsket at vitnemålet hans um at han er skuldlaus, må verta gøymt åt dei komande ættene, 23.24. Til sist lyfter han seg til den glade vissa at hans atterløysar lever og ein gong skal stiga fram til forsvar for han; når lekamen hans er upptærd, skal han standa upp att og ut frå sitt kjøt skoda Gud som sin frelsar, 25-27. I denne vissa åtvarar han venene sine at dei ikkje må forfylgja han, og bed dei tenkja på den domen ei sovori framferd vil føra yver dei, 28.29.
1Då tok Job til ords og sa:
2Kor lenge vil de harma sjeli mi og krasa meg med ordi dykkar?
3Tiande gongen spottar de meg no og skjemmest ikkje ved å krenkja meg.
4Hev eg i røyndi fare vilt, so vert villfaringi mi eigi sak.
5Er det vel råd at de vil briska dykk mot meg og syna meg at skammi mi hev råma meg med rette?
6Vit då at Gud hev gjort meg urett og spana garnet sitt ikring meg!
7Eg ropar: Vald! - men eg fær ikkje svar; eg skrik um hjelp, men det er ingen rett å få.
28Men når de segjer: Å, kor me skal elta han - de hev då funne ut at skuldi ligg hjå meg -
29so lyt de akta dykk for sverdet; for vreide er ei synd som sverd skal straffa. Eg varslar dykk, so de skal hugsa: domen kjem.